Sist oppdatert: 21.10.2016 05:57

Handle lokalt

 

Nærbutikkar er nav i lokalmiljøet. Dei er viktige for å skape gode lokalsamfunn, med vekst og verdiskaping, seier kommunalminister Jan Tore Sanner.


Det er ikkje vanskeleg å slutte seg til dette. I Hedalen har vi to nærbutikkar.  Matkroken og Joker yter begge gode tenester, og sørvisnivået er høgt. Vareutvalet er godt, og er det noko ein manglar, er det ofte råd å få bestille det vi ynskjer å få.

 

Skal vi få fleire til å busetje seg i Hedalen, er det ikkje berre skule og barnehage vi treng. Det hadde blitt svært tungvint å bu i bygda om ein måtte køyre minst to mil for å handle daglegvarene ein treng. Dette bør alle som bur i Hedalen og hyttefolket tenkje på. Skal butikkane våre yte like gode eller betre tenester i åra som kjem, må vi bruke dei. Det tener miljøet i vid forstan, og det tener i høg grad bygda.