Sist oppdatert: 07.10.2016 04:17

Sidemålsundervisning

 

ARNE HEIMESTØL
 

Dette semesteret studerer eg nynorsk ved Høgskulen i Volda. Her vert det reist mange interessante problemstillingar. Éi av desse er knytt til at nynorsk og bokmål er jamstilte målformer i Noreg. Korleis skal ein i praksis få dette til å fungere?

§ 1 i Lov om målbruk i offentleg teneste [mållova] lyder slik:

Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Når privat rettssubjekt gjer vedtak eller gjev føresegn på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune, skal det i denne samanhengen reknast for slikt organ (mållova,1988).

Statstilsette skal meistre både bokmål og nynorsk. Det same gjeld for tilsette i kommunar som har nynorsk som administrasjonsspråk.

3 336 statstilsette deltok i undersøkinga «Språkarbeid i staten 2012», som Ipsos MMI gjorde på oppdrag frå Språkrådet. Berre ein tredel av dei spurde meinte dei hadde tilstrekkeleg kompetanse i begge målformene. Undersøkinga seier ikkje noko om kva målform som kom dårlegast ut. At dette gjeld nynorsk, kan ein lese mellom linjene.

I 2013 fekk vi revidert læreplan i norsk. Den skriftleg sidemålsopplæringa er no fordelt på seks år – frå 5. til 10. trinn. Ein naturleg konsekvens av det siste er at norsklærarar må kunne meistre begge målformene. Like store krav til norskferdigheiter stiller ein til lærarar som underviser i skolar der nynorsk er hovudmålet. Her må alle kunne skrive på denne målforma.

Om lag 87 % av elevane i norsk grunnskole har bokmål som hovudmål. Vel 12 % har nynorsk som hovudmål. Dersom alle dei som har bokmål som hovudmål, skal sleppe skriftleg opplæring i sidemålet, vil stat, fylke og kommunar få store problem med å rekruttere kompetente nynorskbrukarar. Samstundes vil, om ein skal ta jamstillingsvedtaket på alvor, nær 9/10 av dei som går ut av skolen, langt på veg ha diskvalifisert seg for å få arbeid i statlege verksemder og mange kommunar. Det vil neppe bli godteke, og jamstillingsvedtaket vil ha liten eller ingen verdi om dei som skal skrive nynorsk, ikkje har kompetanse til å gjere det.

Under den grunnleggjande ferdigheita Å kunne skrive i læreplanen les vi at norskfaget har eit særleg ansvar for hjelpe elevane med å kunne uttrykkje seg med stadig større språkleg sikkerheit på både hovudmål og sidemål (Læreplanen i norsk, 2013). Den utfordringa løyser ein ikkje ved å gje elevane rett til å bruke omsetningsverktøy på eksamen i sidemål.

Læreplanen (K06) seier at eleven utviklar skrivekomptetanse gjennom å skrive og lese og lesekompetanse gjennom å lese og skrive. Skal elevane bli gode til å lese og skrive på nynorsk, må dei gjere det ofte.

Det har vore politisk strid om sidemålsopplæringa. Høgre tok i 2011 til orde for å gjere opplæringa valfri. Dette står i motstrid til komitémerknaden partiet var med på i Stortinget i 2003:

Fleirtalet viser til at endringar i lovverket som fører til at sidemålsundervisninga i skolen vert gjort valfri, vil vere ei endring av norsk språkpolitikk. Fleirtalet ber Regjeringa sjå til at dei språkpolitiske målsetjingane om jamstilling mellom dei to målformene våre vert ivaretekne i utdanningssystemet.

Klårare svar kan ein vel knapt få. Både grunnskole, vidaregåande skole, høgskolar og universitet må ta medansvar for å utdanne kompetente nynorskbrukarar. Like viktig er det å syte for at dei som ikkje meistrar nynorsk godt nok i stillingar der det er krav om det, må få etter- og vidareutdanning.