Sist oppdatert: 19.04.2017 21:47

Kunne kommunen ha gjort noko annleis?

 

ARNE HEIMESTØL

I brev til Sør-Aurdal kommune datert 29. mars bad Fylkesmannen om opplysningar om kunngjering av møte i folkevalde organ i Sør-Aurdal. 7. april sende KS-advokat Øyvind Gjelstad, på KS-advokatane sitt brevark, svar til Fylkesmannen.

– Eg er overraska over at kommunen framleis ikkje finn grunn til å orsaka dei mange formalfeil som er gjorde i samband med alle dei hemmelege møta, men i staden tillet seg å visa til «Ønske om å verne den ansatte i en tidlig fase av prosessen», seier Håkon Rydland i ein kommentar til svarbrev kommunen no har sendt til Fylkesmannen.

 

– Dersom det er personvernet til den tilsette ein ønskjer å ta omsyn til, so er det arbeidsmiljølova sine reglar som gjeld. Lova krev openheit og dialog, fyldig dokumentasjon, og moglegheit for tilpasning til dei jobbkrav som vert stilt. Det er det absolutt motsette av hemmelege formannskapsmøte, lenge før ein i det heile teke involverte den tilsette.

Elles noterer Rydland seg at brevet frå kommunen ikkje kommenterer eit hemmeleg formannskapsmøte 6. desember 2016, heller ikkje eit hemmeleg formannskapsmøte rundt 19. januar 2016.

 

Kontrollutvalet får saka
Torsdag 19. april skal kontrollutvalet drøfte møtepraksis i samband med rådmannssaka i Sør-Aurdal.

 

Vi har spurt leiar i utvalet, Reidar Schlytter, om kvifor kommunen har sendt svarbrev til Fylkesmannen før saka er handsama i kontrollutvalet.
 

– Eg trur det vil komme kritikk av innkallinga til kommunestyremøtet der Rydland vart sagd opp, seier Schlytter.

 

– Temaa de skal drøfte, handlar om openheit. Kvifor blir ikkje møte i kontrollutvalet annonserte på heimesida til kommunen?

 

– Det meiner eg vi må få orden på.