Ekstrarekning på ein milliard

JOHANNES OPPEDAL, VIKSDALEN I SOGN OG FJORDANE

Nettkundane i Sogn og Fjordane får ei ekstrarekning på om lag ein milliard kroner som følgje av utbygging av ny energi. Austlendingane får straumen og utbytte, medan sogningar og fjordingar må betale fornying av regionalnettet som er naudsynt for at til dømes produsentar av småkraftverk og anna fornybar energi kan få levert straumen på nett.

Men slik ordninga er i dag, blir rekninga send til energiselskapet der produksjonen skjer. Der blir den lagt til nettleiga og innkravd frå kundane deira.

På toppen av nettleiga kjem statlege avgifter som meirverdiavgift, forbruksavgift og enovapåslag. Desse avgiftene utgjer halvparten av den totale nettleiga eit hushald betalar.

Dette er ei sak som det må setjast eit skarpt politisk lys på. Det er snakk om straum som ikkje skal brukast i fylket, men eksporterast til andre distrikt av landet som ikkje har nok straum.

Det er politisk vedteke at ein skal satse på, og byggje ut fornybar energi i Sogn og Fjordane. Kvifor skal vi betale for straumnett vi ikkje treng?

I det siste har det kome fram at ei familie i Sogn og Fjordane må betale opp til dobbelt så mykje i nettleige som ei tilsvarande familie i Oslo. Geir Lippestad (Ap), byråd for næring og eigarskap i Oslo seier: – Oslo kommune har kvart år teke ut store summar i utbyte frå kraftproduksjonen, noko som har betydd veldig mykje for velferdsproduksjonen vår.

Dei siste ti åra har hovudstadskommunen teke ut nærare tre milliardar kroner i utbyte berre frå dei seks kraftverka i Aurland, og straum tilsvarande energibehovet til om lag 150 000 husstandar i året, eller langt på veg elektrisiteten til Oslo si befolkning på 666 000 innbyggarar.

Spørsmål er om kraftinntektene skal gå til Noreg som nasjon, eller om dei skal gå ut av landet. – Vi meiner det er svært viktig å halde det på nasjonale hender, seier Lippestad.

Då bør det stillast mot-spørsmål, er det rett at Oslo kommune skal ha høve til å ta ut enorme summar i utbytte, når verdiane blir skapte og henta ut frå heilt andre stader i landet?

Og når Lippestad seier at utbytte av krafta betyr veldig mykje for velferdsproduksjonen i Oslo, så er det tvilsamt om nokon utanfor hovudstaden får delta i den festen.

Denne gongen handlar det om utnytting av vasskraft, men vi har mange bedrifter som hentar verdiane i distrikta, men har hovudkontor i hovudstaden, og dermed går bedriftsinntekter den vegen vi ser inntektene av Aurlands-utbygginga går.

Nedanfor har eg teke med deler av ei oversikt som viser energiprisar i Oslo samanlikna med i Sogn og Fjordane.




Kjelde: https://xnettleierapporter.nve.no/Husholdninger.aspx


Sist oppdatert: 18.08.2017 19:52