Sist oppdatert: 16.02.2017 06:42

Fråværet sterkt redusert

  Valdres vidaregåande skule har samlikna fråværstala frå fyrste halvår 2016 med hausthalvåret same året. Dagsfråværet gjekk ned med 25 %, medan timefråværet vart nesten halvert.

– Det er positivt i seg sjølv at elevane er meir på skulen, seier avdelingsleiar Karen Marie Kvåle Garthus. – Men det står att å sjå om dette fører til auka gjennomføring; det ser vi først i juni.

Strenge reglar
På nettsida til Utdanningsdirektoratet les vi at elevane har møteplikt til alle timar på alle årstrinn. Det vert skilt mellom dokumentert og udokumentert fråvær. Alt udokumentert fråvær skal førast på vitnemålet og tel inn på fråværsgrensa.

Dersom ein elev har meir enn 10 % udokumentert fråvær i timane i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett på halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget. Viss eleven har mellom 10 og 15 % fråvær, og fråværsårsaka gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal få karakter, kan rektor bestemme at han eller ho likevel skal få vurdering med karakter.

Mindre fråfall òg?
Det er kunnskapsministeren som har stramma inn reglane for fråvær. Det fekk han mykje kritikk for. Mange vidaregåande skular rapporterer om redusert fråvær. Til NRK Finnmark sa statsminister Erna Solberg nyleg følgjande: – Får vi ned fråværet, så følgjer fråfallet i vidaregåande skular etter.