|
ELDOR BRÅTHEN
Det hender eg skriv dagbok. Det same gjorde Olav H. Hauge. Der sluttar
likskapen. Hauge byrja å skrive da han var knapt 16 år gammal, i mars 1924,
og held fram 16. mai -94, ei veke før han døydde. Dagbøkene hans vart
utgjevne i år 2000. Dei er samla i 5 tjukke bind på nesten 4000 sider til
saman, og er fulle av «tankar og hugskot» gjennom eit langt liv.
Dagbøkene mine handlar nok mest om det Hauge kalla «versjaa og hendingar»,
men eg vil likevel ta utgangspunkt i litt av det eg har notert no i år.
Skulle det dukke opp noko som liknar på ein kritisk tanke, kan dei som sit
nær makta, slå seg til ro, i vissa om at eg, i direkte og overført tyding,
er berre ein gammal nærsynt hedøling dei trygt kan oversjå.
Nyårsdagen var eg klokkar og tekstlesar. Tore Samuelsen hadde prestetenesta
i kyrkja vår den dagen. Maria var krank og valde å bli heime. At helsa ikkje
alltid spelar på lag, må ein truleg venja seg til meir og meir ettersom åra
går, men det er heldigvis god hjelp å få.
6. januar: - Grå stær operasjon på Drammen sjukehus. Denne «fuglen» busette
seg i begge auga mine, og det har vorte mange turar til Hønefoss og Drammen
seinare. Den førebels siste turen er dagsett midt i august. Etter det kan eg
forhåpentleg få meg nye briller.
9. januar: - Melding om at eg slepp å vera sekretær Hedalen Arbeidarlag.
Glad for det! Eg får skunde meg å leggje til at det vesle arbeidet eg har
fått gjera i HAL, har eg hatt stor glede av. 80-årsfesten til arbeidarlaget
15. januar, og ikkje minst årsmøtet i Sør-Aurdal Arbeidarparti den 26. same
månaden er gode minne.
Frammøtet frå Hedalen var «fantastisk», og fleire andre
støtta oss. Resultatet vart at vi vann røystinga mot dei som gjerne vil
leggje ned alt som finst på denne sida av Jevnlismyra, og «overlever» , i
alle høve fram til neste årsmøte. Tida vil vise om eit vellukka 1.
maiarrangement for Sør-Aurdal dette året, og kanskje litt stortingsvalkamp,
blir det siste vi får lov til.
Eg meiner resultatet 26. januar var ein siger for heile SAP. Vidare meiner
eg det er til gagn for heile Sør-Aurdal at ikkje alt blir sentralisert til
administrasjonssenteret, men det står att å sjå kor lenge den tanken held
seg nokolunde levande blant dei som styrer og steller.
Somme lurer på kvifor bygdene i Sør-Aurdal ikkje kan
samarbeide, og ordføraren forstår ikkje at her kan finnast grunnlag for
spørsmål og misnøye. Kan ein årsak vera den nokon må kjempe ein stadig kamp
for å halde på det dei har, medan det andre stader skal satsast fleire
ti-tals millionar skattekroner på tiltak som ikkje er lovpålagte?
Den gamle formannskapsloven sa at spørsmål som gjaldt t.d. skole og
fattigstell skulle avgjerast av folk i soknet. Eg våger meg frampå med eit
lite forslag: - Kommunestyrerepresentantar får forbod mot å foreslå
nedlegging av tenester i eit anna kyrkjesokn enn det dei sjølve bur i.
Med det er vi inne i kommunepolitikken. Dersom det er slik at all merksemd
er betre enn inga merksemd, kjem Sør-Aurdal kommune særs godt ut av det
fyrste halvåret i 2017.
Nettstaden hedalen.no, avisa Valdres, Kommunal Rapport og
andre media har på vegner av ålmenta prøvd å skaffe greie på kva som skjer.
Det har ikkje vore lett. Undrast ein på kvifor referat frå møte i
formannskap eller kommunestyre måtte haldast hemmeleg, fekk ein til svars at
lova seier så, inntil Fylkesmannen kom og sa noko anna.
Kommunen har sagt opp rådmannen, og oppseiingsaka vil mest sannsynleg koma
for retten. Med den «openheita» politikarane i Sør-Aurdal vel å praktisere,
innbyd dei til prat og skriving, og denne skrivinga må basere seg på
gjetting om ein ikkje vel å følgje den lina somme amerikanarar lenge
praktiserte under president Nixon: - I trust my president!
Kommunerevisjonen har drive gransking, og dei har fortalt
om granskinga. Heldigvis for revisjonssjefen hadde redaktøren i hedalen.no
funne ei forskrift som seinare har vorte litt forandra. Dermed kunne han
henge seg opp i det og oversjå andre kritiske merknader i t.d. Kommunal
Rapport.
Sør-Aurdal kommune mista to dyktige medarbeidarar, og det
må vera lov å spørja: - Kva låg til grunn for granskinga, og var granskinga
medverkande årsak til at dei to slutta? Og når eg no er ute og spør: - Sit
somme personar i for mange sentrale posisjonar, og er banda og lojaliteten
dei imellom i sterkaste laget?
Eg tenker ikkje på dei to som valde å slutte i Sør-Aurdal
kommune. Eit siste spørsmål i denne omgangen: Har det vore og er det uklar
arbeidsdeling mellom administrasjon/politikarar og rådmann/ordførar?
Sør-Aurdal kommune skal byggje ny hall på Bagn, såkalla «fleirbrukshall»,
utan at eg har klart for meg kva for idrett og, ikkje minst annan kultur,
denne hallen kan brukast til. Kommunestyret har etter kvart kome fram til at
hallen skal koste noverande og komande innbyggjarar i Sør-Aurdal 89 mill. ,
ikkje eit øre meir, seiest det. I tillegg kjem årlege renter og
driftskostnader som ingen kjenner. 89 mill. er ca. 30 000 på kvar sør-aurdøl.
Det skal vi vel klare sjølv om nytta folk får av hallen blir omvendt
proporsjonal med tida det tek å koma dit.
Vi må unne Bagn noko, sa ein kommunestyrerepresentant frå Hedalen og råka
spikaren på hovudet betre enn han kanskje var klar over sjølv. Stor avstand
= lita nytte. Det råkar eldre menneske, men vi er vel ikkje i målgruppa.
Verre er det at hallen er eit dårleg tilbod til born og unge utan førarkort.
For dei er det viktigare at tilbod i nærområdet kan oppretthaldast. Må ein
kutta ned på dei for å finansiere denne satsinga, har kommunestyret gjort
ein stor del av ungdommen her i kommunen ei skikkeleg bjørneteneste.
89 millionars-vedtaket synest elles litt underleg på forskjellige måtar. Så
langt eg har skjønt, ligg bruttoarealet, og storleiken på symjehallen, fast.
Det siste vedtaket synest elles å ha ei fornuftig grunngjeving. Mister ein
tilskot ved å redusere, er lite tent på den reduksjonen. Det store
spørsmålet er: Kan og bør 89 mill. vedtaket gjennomførast? Akkurat no trur
eg bygningsfolk har mykje å gjera, men greier ein ikkje å få tilbod innanfor
89 mill. + tilskot, skal ein kutte ned bruksområde og materialkostnad. Det
siste kan på noko sikt bli lite lønsamt.
Minst like merkeleg for ein som ikkje kan kommuneloven på fingrane, er
vedtaket om at ordførar og rådmann skal hente inn tilbod saman. I mitt
einfald trudde eg at dette var ei oppgåve for rådmann og administrasjon,
ikkje for den som skal leie den politiske handsaminga. Eg veit at rådmannen
vart oppsagt lenge før nett dette vedtaket, men klarer ikkje å fri meg frå
denne tanken: Valde kommunestyret i Sør-Aurdal å seie opp rådmannen fordi
han, også i røynda, ønskte å vera rådmann og leiar for administrasjonen og
andre tilsette? Eg veit ikkje.
Det går mot stortingsval. Går det som eg ønskjer, får vi regjeringsskifte.
Ingen er begeistra for skatt, og eigedomsskatten er vel ikkje den mest
populære. Med dei utgiftene kommunestyret no har vedteke, har eg vondt for å
sjå korleis vi skal unngå ei auke. Forbod mot eigedomsskatt, slik noverande
finansminister og hennar parti går inn for, må da få alvorlege konsekvensar
for økonomi og velferdstilbod i Sør-Aurdal og mange andre norske kommunar?
Ettersom dette kanskje er siste høvet, vil eg gje regjeringa Solberg ros på
eit par område. Sjølv om vi framleis slit med dårleg veg frå fylkesdelet og
nordover bygda, skal Regjeringa skal ha ros for satsinga på
samferdslesektoren. At Frp ikkje lukkast i å la brukarane sleppe bompengar
og lesse alt over på andre, trur eg var vel og bra.
Mange har elles hevda at forsøket på å gje Norge ei tidhøveleg
kommuneinndeling var mislukka fordi somme, mellom anna Valdres, vreid seg
unna. Vi skal framleis ha seks kommunesentra, og kommunesentra er, som vi
alt har sett, kostbare.
Ein annan faktor er andre driftskostnader. Jamvel eg, som er ein gammal
mann, ordnar mykje over nettet. Eg oppsøkjer ikkje kommunale kontor slik vi
måtte før dataalderen. – Dei bryr seg ikkje om at folk mister jobben, sa ein
ordførar i Nord-Trøndelag, og vi har hørt liknande utsegner her på berget.
Argumentasjonen er lokkande, særleg overfor kommunalt tilsette, som og er
veljarar, men han er farleg. Vi lagar og opprettheld ikkje arbeidsplassar
for at ordførarar og andre kommunalt tilsette skal ha arbeid og levebrød. Vi
lagar og opprettheld arbeidsplassar fordi vi treng å få utført noko.
Arbeidskraft er ressursar, og ressursar skal brukast der dei trengst, ikkje
i utrengsmål.
Argumentet for t.d. desentralisert omsorgsteneste og skole er ikkje omsynet
til dei tilsette. Argumentet er at elevar truleg lærer meir på skolen enn på
bussen, og at eldre menneske gjerne trivst best i sitt heimemiljø. Politisk
kan det og vera bra med mindre tette band enn dei ein lett får i ein liten
kommune.
Hedalen barne- og ungdomskole feirar 50 år i haust. Kommunen, og bygda sjølv,
har gjort mykje for å gjera skolen til det han er i dag. Usikkerheit om
framtida til skolen og bygda er det vi minst av alt treng no. Ein stor takk
må rettast til dei fire som sto bak vedtaket om behalde ungdomstrinnet for
nokre år sidan og dei som stemte i lag med dei. Hadde
nedleggingsforkjemparane fått viljen sin, hadde det i dag vore liten grunn
til å feire.
Nokre hendingar til frå dagboka mi. Fønhusdagane er avvikla, og eg vil takke
alle som er med og gjer Sør-Aurdal til ein kommune med mange gode
kulturtilbod, sjølv om dei kommunale kronene er heller få, og kanskje blir
færre. På Skrukkefyllhaugen var det mange hallingar og folk frå Ringerike.
Eg hadde m.a. ein lang og interessant prat med Ola Akervold.
Geografisk ligg Hedalen «midt i Buskerud», mellom Nes i Ådal og Nes i
Hallingdal. Vassfaret var i si velmaktstid ein dal med etter måten store
bruk og ikkje liten busetnad. Framsynte folk foreslo veg frå Hedalen,
gjennom Vassfaret, til Bergensbanen. Det vart ingenting av, men kan hende
bør vi, så langt vi sjølve rår med det, prøve å utvikle samarbeidet med
Hallingdal og Ringerike?
Elles er det no slik at dei stundene ein kan ha i lag med søner,
svigerdøtrer og barnebarn blir meir og meir verdfulle , spesielt for oss som
har dei langt unna. Dei kjem til oss, og så langt har vi vore i stand til å
reise til dei.
- Dei store stormane har du attum deg. Men det går an å leva i kvardagen og,
skreiv Olav H, Hauge. Stormane eg har møtt, har heldigvis vore snille, og
kvardagen er grei så lenge ein er i stand til å nynne med Evert Taube: – Så
lenge skutan gå, så lenge hjertat kan slå, så lange solen den glitrar på
bøljorna blå, osv.
Ha ein god sommar vidare, alle i hop! Til hausten kan vi og dei som vil
vitje oss, sova i tretoppane. Godt t i alle fall private investorar vågar å
satse i denne delen av Sør-Aurdal. |