Sist oppdatert: 25.05.2017 21:57

Jørn Hilme-konsert

 

Duoen Villa & Steinsrud set fyrste tone på Jørn Hilme-stemnet 2017. Bli med på ei reise til flatbygd og kammersmusikk. 31. juli kl. 19.00 blir det konsert i Hedalen stavkirke.

 

 

 

Stein Villa og Marit Steinsrud inviterer deg til eit møte med kammersmusikk, ein konsert basert på plateutgjevinga deira med same namn frå 2014.

«Tradisjonelt stoff på vårt vis og eigen musikk på tradisjonelt vis», har dei sjølve karakterisert musikken sin. Duoen Villa/Steinsrud er ektefolk, og dei har spelt saman i årevis – og saman trakterer dei både langeleik og harpe, gitar, pianotrekkspel, mandolin, fele og song. Sjå fram til ei harmonisk og varsam musikalsk vitjing.

Det vil bli vandring på pilgrimsvegen guida av Anne Hilde Øigarden med felles måltid før konserten for dei som ynsker det. Sjå eigen programpost.

Kyrkjekonserten i Hedalen stavkyrkje er ei årleg hending. Velkommen og god konsert! Les meir her.