Vi
kan gle oss over at fiberutbygging sør for Hallom er fullført, og at
liknande utbygging i sentrum av bygda er i gang. Med dette vil over hundre
adresser vere knytte til det beste av det vi har av internettoppkopling.
Det er mange som ynskjer å få liknande tilbod. Fleire slit
med elendig ADSL nord i bygda, og ikkje alle av desse har noko fullgodt
tilbod av 4G heller. Dermed har vi eit digitalt skilje vi meiner vi må gjere
det vi kan for å rette opp.
SAE har ei sentral rolle i utbygging som er påbegynt og
gjennomført. Heldigvis har dette selskapet dei siste åra lagt til rette for
framtidig fiberutbygging i samband med oppgradering av lågspentnettet. Det
gjer at det kan vere mogleg for fleire å få tilbod frå Eidsiva om slik
internettoppkopling.
Utan at transportnettet kjem på plass nord i bygda, vil
det ikkje kome noko løysing for dei som bur der. Det er trist at fiberkabel
frå Bjørgan til Sukke sentral ikkje vart bygd då det vart strekt fiberkabel
langs høgspentnettet heilt til fylkesdelet. Dette er ei utfordring vi må få
gjort noko med snarast råd.
Uansett er det viktig at dei som ynskjer fiberutbygging,
går saman i grender og organiserer seg. SAE har informasjon om kor
lågspentutbygginga er fullført. Dei veit òg kor neste del av oppgraderinga
vil kome. Straumselskapet sit dermed med nøkkelen til at fleire adresser
skal kunne kople seg på fibernettet.
Offentleg tilskott kan vere eit alternativ det er verdt å
undersøkje. Men dette kan òg vere noko som vil forseinke utbygginga. Vi kjem
neppe unna at vi sjølv må betale det meste av det fiberutbygging til heimane
og næringslivet vil koste. Lat oss då tenkje på at slike utlegg er
investeringar i framtidig verdi av eigen eigedom, men òg i at det skal vere
mogleg å ha heimekontor i heile eller deler av arbeidstida.
Fylkesvegane i Hedalen er somme stader i elendig
forfatning. Nokre strekningar er utbetra, og det er konkrete planar om å
gjere noko med vegen frå fylkesdelet til kyrkje.