ARNE HEIMESTØL
Goplerud fekk ikkje vere med i fiberprosjektet Hedalen sør. Nye reglar
frå og med 2018 gjer at slik forskjellsbehandling ikkje lenger er lov når
eit område mottek statleg breibandsstøtte.

Både husstandar og bedrifter
– Som nemnt på telefon, er det i den nye ordninga for breibandsstøtte – som
gjeld for tildelingar i 2018 – eit krav at prosjektet som mottek slik
støtte, skal etablere eit reelt breibandstilbod til alle husstandar og
bedrifter innanfor det geografiske området det vert søkt støtte til, skriv
senioringeniør Tor Arne Knutsen i
Nasjonal
kommunikasjonsmyndighet i e-post til Hedalen.no.
– Nkom følgjer – gjennom sluttrapportar
frå prosjekta – opp at talet på husstandar som faktisk får tilbod gjennom
statsstøtta breibandsprosjekt, er i samsvar med talet som låg til grunn for
den innvilga søknaden.
Godt nytt for Begnadalen og Leirskogen
Hedalen.no legg til at dette gjev dei som skal få breiband neste år gjennom
prosjektet på Leirskogen og i Begnadalen, grunn til å følgje godt med i
timen. Alle innanfor det definerte området skal altså få vere med.
Kommunestyret har også vedteke at alle skal betale det same for oppkoplinga.
Kommunen har ansvar
– For spørsmål om vilkåra for tilknytning av enkelthusstandar i
einskildprosjektet, er det prosjekteigar (i dei fleste tilfelle kommunen)
som har skrive kontrakt med utbyggar, som er rett adressat, skriv Knutsen.
|