Sist oppdatert: 06.12.2018 20:10

Nytt opplag av «Fire linjer» i kjømda

  ELDOR BRÅTHEN

Fyrst av alt: Takk til dykk som har kjøpt boka. 200 bøker, som vart utgitt i august, er utseld, og kvar deira halvdel av overskotet er overført til HIL og HUL.

Seinare har nokon sagt at dei kan tenke seg å kjøpe, og dermed tok eg sjansen på å tinge 100 til. Det har Ingvard ordna for meg, og han skriv at trykkeriet har lova at bøkene skal vera hos meg seinast 20. dm. I august vart fristen halden med god margin, men julestrida i Posten kan sjølvsagt forseinka. Det veit vi ikkje. Prisen blir , som sist, kr. 100 per. stk. , og eg tek gjerne i mot førehandstinging.(E-postadressa mi er: ebrathen(krøllalfa) bbnett.no.

Hedalen er, som vi alle veit, «stappfull» av lag og foreiningar som treng og fortener nokre kroner å drive for. Trykking og frakt kostar ca. 4200 kroner. Blir det seld fleire enn 42 bøker, betyr det eit overskot på opp til kr. 5800, som eg i så fall gjerne vil få overføre kulturprisvinnaren dette året: Ildjarnstad 4H.

Del gjerne på fjesboka, om du kan tenke deg det. Og ha ei hugnadsam og god adventstid alle i hop.