Sist oppdatert: 25.02.2018 21:39

– Absolutt – og endres ikke

 

Tydeleg tale frå mange kommunestyrerepresentantar under orienteringa kommunestyret fekk om prosjekt Sør-Aurdalshallen sist torsdag, medverka truleg sterkt til at temaet ikkje kom opp som eiga sak i same møte.

 

No varslar ordførar Kåre Helland at det vert ekstraordinært kommunestyre-møte i løpet av mars, og då får det organet som skal avgjere kva som no skal skje, venteleg ei grundig saksutgreiing før ein skal gjere vedtak.


Hall-prosjektet har utvikla seg til økonomisk hovudpine for dei folkevalde. 17. juni 2017 vedtok kommunestyret ei nettoramme på 89 millionar kroner på prosjektet, og la til følgjande:  (...) "absolutt og endres ikke". For å avklare dei reelle kosnadene, vedtok ein å leggje prosjektet ut på anbod.


Svaret ein har fått, viser ein kostnadssprekk på rundt 20 %, og etter det administrasjonen har opplyst, er det umogleg å komme innanfor vedteken ramme med det omfanget prosjektet har i dag. Med dette kan vi slå fast at viljen har vore vesentleg større enn evna.
 

Formannskapet/byggekomiteen er innkalla til møte komande torsdag. Men dei kan ikkje gjere anna enn å arbeide i tråd med vedtaket som gjeld – ei kostnadsramme på brutto 139,4 millionar kroner og nettoramma vi har nemt ovanfor. Ordet "absolutt" gjev ikkje rom for mistyding.


Det er kommunestyret som har mynde til å gjere vedtak om kva som no skal skje. For dette organet er det mykje som står på spel. No handlar det mellom anna om kva tillit veljarane kan ha til dei folkevalde. Vi minner om at prosjeket frå 2015 og til i dag har hatt ein kostnadssprekk frå 120 millionar kr til 169 millonar kr, altså meir enn 40 %.

 

Kommunen er inne i ein ny driftstilpasningsprosess, og på nytt må vi rekne med nedskjæringar i lovpålagde oppgåver. Éi av årsakene til dette er at prislappen på prosjektet, med budsjettvedtak som no gjeld, både fører til auka eigedomsskatt og kutt i budsjett på tenestetilbod.


Det er – slik vi ser det – rimeleg umusikalsk å auke budsjettramma i den situasjonen Sør-Aurdal kommune er inne i no. – Det er vi som får blø, sa Magne Damslora (Ap) i eit kommunestyremøte. Han har alt fått rett.

 

Samstundes må det vere grunn til å minne om at C-blokka sine dagar snart er talde. Det er liten tvil om at eit nytt bygg må kome på plass. Kan vi håpe at dei folkevalde no prioriterer dei lovpålage oppgåvene dette bygget skal romme, og at ein, innanfor ramma ein har vedteke, finn fram til eit prosjekt som let seg gjennomføre?