Sist oppdatert: 11.07.2018 14:00

Jørn Hilme-konsert i Hedalen stavkirke

 

"Når marke æ grøn og blomster'n blå" var tittelen på konserten i Hedalen stavkirke måndag kveld.


Marit karlberg og Frank Rolland har dukka ned i folkemusikken sine skattekister og funne slåttar på låg bas, grønt og ljøsblått felestille, ballader, viser, salmar og slåttestev som dei vil dele med lyarane. Musikken har vandra i tid og rom, men også funne rotfeste i folkemusikktradisjonane i Hardanger og Valdres.

 

Dei frammøtte fekk høyre hardingfele og song i solo og samspel, av og til med følgje av langeleik og harmonium. Frank Henrik Rolland er hardingfelespelar frå Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland.


Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande.