Sist oppdatert: 22.03.2018 21:29

Fortener ros!

 

I fjor vår gjekk tidlegare rådmann Håkon Rydland til søksmål mot Sør-Aurdal kommune for det han såg som usakleg oppseiing frå stillinga han hadde hatt nokre månader i kommunen.

I oktober vart det gjennomført ei opprivande rettssak som gjekk over heile fem dagar i tingretten i Valdres. Rydland tapte og anka dommen inn for Eidsivating lagmannsrett.

Onsdag denne veka vart det kjent at det ikkje vert noko ny rettssak. Rydland og Sør-Aurdal kommune har inngått forlik der kommunen betalar den tidlegare rådmannen 550 000 kroner. I tillegg får Rydland dekt advokatutgifter på
282 000 kr + moms, og kommunen betalar sjølv eigne utgifter til advokat.

Gjennom forliket er partane samde om å ikkje kome med fleire krav til kvarandre. Strek er sett. Det er forliket som gjeld – ikkje dommen i tingretten.

– Partene er gjensidig godt fornøyde med nå å ha lagt saken bak seg, les vi i rettsforliket. Det forstår vi. Dette har vore ei sak der fleire i ulik grad er merkte. Eit oppgjer i lagmannsretten hadde neppe blitt lettare å bere enn det som gjekk føre seg i tingretten.

For både tilsette og politikarar i Sør-Aurdal må det vere godt å kunne leggje denne saka bak seg. No er det tid for å sjå framover. Det er nok av utfordringar å ta tak i.

Håkon Rydland har gjennom forliket kome vesentleg betre ut enn i tingretten. Det må han kunne gle seg over.

Vi meiner både politisk nivå i Sør-Aurdal og Rydland fortener ros for å ha avslutta striden med forlik.