Sist oppdatert: 02.03.2018 11:38

Kommunestyret må på banen!

 

Det er grunn til sterk uro om det som no skjer rundt saka om Sør-Aurdalshallen. Formannskapet har gjort eit vedtak i ei sak som vi meiner skulle ha vore behandla av kommunestyret.

 

Vi minner om nokre sentrale punkt:

  1. Det er kommunestyret som er høgste organ i kommunen, og som tek avgjerd i alle større saker, mellom anna i spørsmål som har med låneopptak å gjere. Både administrasjonen, formannskapet og ordføraren skal følgje opp vedtak som kommunestyret har gjort, og kan ikkje endre dei utan at det vert lagt fram ei sak for kommunestyret.
     

  2. Kommunestyret gjorde følgjande vedtak 6.12.2016:

    «Vi forutsetter at administrasjonen orienterer kommunestyret om valg av nødvendige innsparinger, og resultatet av disse, så snart de foreligger og om mulig i februarmøte 2017. Om det etter endt anbudsprosess viser seg at det blir vanskelig å realisere prosjektet ut ifra de økonomiske rammer og nødvendige innsparinger som skisseres her, skal saken behandles på nytt av kommunestyret selv.»
    (Redaktøren har lagt inn kursivering.)

  3. Kommunestyret gjorde følgjande vedtak 22. juni 2017:

    1. Den vedtatte nettorammen på 89 mill. kr endres ikke, og er absolutt.
    2. For å avklare reelle kostnader for prosjektet, legges bygget ut på anbud med vedtatt romprogram. Ordfører og Rådmann får fullmakt til å avklare så rask fremdrift som mulig, og frist for anbud ut.
    3. Det må gjennomføres forenklinger i forhold til materialvalg og eksteriørmessige endringer av bygget, med tanke på å få ned totalkostnaden. Entreprenører kan inviteres til å komme med forslag til alternative løsninger og mulige besparelser.
    4. Det må tas nødvendig forbehold om finansiering i anbudsutlysningen.
    5. Oppdatert kalkyle for kostnader til drift og vedlikehold av bygget legges frem for kommunestyret. Det utarbeides en langsiktig plan for dette.

    I Avisa Valdres 25. januar 2017 kunne vi m.a. lesa følgjande utsegn frå bygningsingeniør Oddleiv Juvkam etter anbodsopninga: «Det vart ein positiv dag». «Litt over 140 mill. kr.». «Prisen vart betre enn eg frykta». «Litt over ramma».

    På formannskapsmøtet 8. februar kom det likevel fram at totalsummen no var komen opp i 169 mill. kr.

Med bakgrunn i kommunestyrevedtaket frå 6. desember 2016, burde dette utan vidare utløyst ei ny sak til kommunestyremøtet 22. februar.

 

Men ei slik sak kom ikkje. I staden kom det ei orientering frå bygningsingeniør Juvkam og plansjef Granli. Denne utløyste ein sterk debatt og mange kommentarar.

 

I møteprotokollen som er lagt ut frå møtet, er det likevel ikkje nemnt eit einaste ord verken om orienteringa, eller om kva som vart debattert i møtet. I formannskapet 1. mars vart det debatt om korleis ein skulle tolke signala kommunestyret hadde gjeve.

Det er no på høg tid at kommunestyret tek att makta si. Etter kommunelova sin paragraf 32.1 kan 1/3 av kommunestyret sine medlemmar krevje at det vert halde møte utanom møteplanen.

 

Vi meiner at nettopp dette må gjerast slik situasjonen no er, og at møtet vert halde innan utgangen av mars. Der må det leggjast fram ei fullstendig sak til kommunestyret, slik tidlegare vedtak krev det.

 

Då er det berre eit nytt kommunestyrevedtak som kan endra dei vedtak som alt står, og som ordførar, administrasjon og formannskapet uansett må rette seg etter.