![]() |
|
Sist oppdatert: 12.10.2018 18:47 |
Tynt om budsjett 2019 |
![]() Til den første saka er det laga saksframlegg med saksopplysningar, vurdering og forslag til vedtak. Saka som venteleg vil ta mest tid, drøfting av budsjett 2019, har følgjande saksopplsyningar:
Rådmannens forslag til vedtak:
Vi stussar over plasseringa av dette møtet. Saksdokumenta burde ha vore ute sist tysdag. Dei kom seint på dagen onsdag. Statsbudsjettet vart lagt fram for Stortinget kl. 10.00 sist måndag. Tida til å lage saksframstilling var knapp, men noko meir kunne vel ha vore sagt? Som kjent har det vore dialogkonferanse, driftstilpasningsprossen er i gang, og økonomisk status og status for dei ulike tenestene er vel etter kvart kjent for administrasjonen. Dessutan vil det vere av interesse å få informasjon om kva følgjer statsbudsjettet vil få for Sør-Aurdal. Kvifor får ikkje politikarane og ålmenta meir informasjon? Formannskapsmedlemmane har altså lite å ta halde seg til når dei skal førebu seg til møtet. Det er uheldig. Skal ein kunne komme med innspel i drøftinga, bør ein ha høve til å lese seg opp og kommunisere med andre før ein kjem i møtet. Vi oppmodar lesarane til å følgje med på formannskapsmøtet. Det vert overført på web-TV frå denne sida. |
|
|