Sist oppdatert: 01.10.2018 19:55

Gledeleg!

  Det er mange som fortener ros for arbeidet dei har gjort, og gjer, for å få Mølla restaurert. Denne kulturskatten stod i fare for å rase på elva. Eit omfattande arbeid måtte til for å berge byggverket.

No har styret for Mølla saman med både innleigd arbeidskraft og dugnadsarbeidarar sørga for at mykje av det som skal til for å få Mølla i demonstrasjonsdrift, er på plass. Neste sommar kan Bautahaugen samlinger truleg leggje opp til eit nytt aktivitetstilbod.

Gudbrand Lia og Nils Huset var to av dei som hadde møtt fram for å vere med på testkøyringa av den eine kvernkallen sist laurdag. Begge desse karane har minne frå tida Mølla var i drift fram til ca. 1965.  – Dei har vore flinke, sa Nils. Det er ikkje vanskeleg å vere einig i det.

Det er grunn til å rette ei stor takk til både unge og dei meir til årskomne ungdommar som har stått på for at Mølla er komen dit ho er i dag! Skal tru om det blir mogleg å bake brød eller anna av mjøl frå Mølla neste år?