Sist oppdatert: 06.10.2018 21:44

Treng du hjelp til å restaurere eit eldre bygg?

  ARNE HEIMESTØL

Valdresmusea kan vere ein viktig støttespelar for deg. – I helga er det kurs på Bautahaugen.


Restaurering av låve på Bautahaugen. Her skal mellom anna nye botnsviller på plass.

– Det er eit stort behov for å ta vare på eldre bygningar i Valdres, fortel bygningsrådgjevar ved Valdresmusea, Odd Arne Rudi. – Mange søkjer om å få lov til å rive verneverdige bygg. Med heller enkle tiltak kan  ein i staden ta vare på dei.

Visste du at Valdresmusea tilbyr éin dags gratis råd knytt til slike bygg? Ikkje berre det. Kulturminnefondet og Oppland fylke kan også gje tilskot til restaureringstiltak. Også her kan Rudi gje rettleiing.

  • Les meir om bygningsvern arbeidet i Valdres her.

Kurs
I helga arrangerer Valdresmusea kurs på Bautahaugen. Låven nedanfor setra er valt ut som restaureringsobjekt, og då vi var der, var kursdeltakarane i full gang med å byte ut botnsviller.

 
Sjå video med arkitekt Ingebjørg Øveraasen

Håkon Hjelleset og Svein Thon er instruktørar. Nokre av kursdeltakarane denne helga er handverkarar. Andre har arbeid som meir er knytt til administrasjon.


Håkon Hjelleset og Svein Thon

Kvart år tilbyr Valdresmusea 10–15 ulike bygningsvernkurs, etter etterspurnad frå huseigarar og andre. Døme på emne er lafting, taktekking, restaurering av vindauge, gamle målingsteknikkar, smiing og muring. Kurset i Hedalen er det nest siste dette kalenderåret.


Kurshaldarar og nokre av kursdeltakarane