Sist oppdatert: 23.09.2018 20:29

Partia bør skjerpe seg!

 

Hausten 2019 er det kommuneval. Nokre av partia i Sør-Aurdal har så vidt starta nominasjonsarbeidet. Vi vil oppmode alle om å trykke på pauseknappen.


Sør-Aurdal Senterparti har berre 52 medlemmar. Dette partiet har 12 av dei 25 kommunestyrerepresentantane. Vi har ikkje oversikt over kor mange registrerte medlemmar dei andre partia har.

 

Sikkert er det at alle kunne og burde ha hatt fleire medlemmar før dei startar på nominasjons- og programarbeidet. Forklaringa er sørgeleg enkel: Det er partia/listene som bestemmer kven og kva det er du kan stemme på når du møter opp for å gjere borgarplikta di i september neste år.

 

– No er det samstundes ditt ansvar å vurdere om du bør melde deg inn i eit parti – om du ikkje alt har gjort det.

 

Vi har sett litt på nettsidene til lokalpartia. Her kunne det ha vore meir oppdatert informasjon å finne. Det naturlege vil vere om informasjonen ligg open under rikspartiet sine sider.

 

I Sør-Aurdal har partia og veljarane i fellesskap sytt for at kvinner er under-representerte i kommunestyret. Dette bør partia gjere noko med når dei skal nominere kandidatar – og spesielt ordførarkandidat. Vår oppfordring er å nominere kvinner på topp. Det hadde vore strålande om den neste ordføraren i Sør-Aurdal er ei kvinne.


I kommunen vår har kommunalt tilsette vore vesentleg betre representert enn andre yrkesgrupper. Det er uheldig. Vi oppfordrar partia til å tenkje like mykje på dette som at alle bygdene bør vere representert på alle vallistene.

 

Vi etterlyser også større bruk av media. Politiske ytringar er hjarteleg velkomne på Hedalen.no. Det er ikkje berre i gruppemøter, parti, kommunestyre og formannskapet ein bør drive med politikk. Veljarane vil heilt sikkert setje pris på om fleire parti er meir aktive i media.

 

Alle partia har godt av fornying. Skal dette lukkast, bør medlemsverving vere hastesak før ein held fram med førebuing til det neste kommunevalet.