Sist oppdatert: 05.09.2018 16:23

Vekas "Fire linjer"

ELDOR BRÅTHEN
Firelinaren denne veka har tittelen « Demokratisk problem». Han seier litt om dei problema vi gamle kan støyte på, og det faktum at dei som bestemmer, ikkje alltid vil høyre på oss.

Eg strevar, men eg har tileigna meg ein liten bit datakunnskap, så pass mykje at eg har vorte nokså avhengig av pc-en.

Når webmailen til Eidsiva sviktar, slik han har gjort mykje i seinare tid, vert det «trevaleg». Andre har det vanskeleg pga. avstand og kostnad. Da hjelper det lite å vera ung og kunnig.

Partiet ein hører til i, vil gjerne vite kva ein er oppteken av, men det bør helst skje via internettet. Da Åge Hovengen var stortingsmann, reiste han rundt i bygdene, prata med folk og drakk kaffi i lag med dei. Ja, det seiest at jamvel Einar Gerhardsen let seg sjå på våre kantar, langt borte frå hovudstaden og partikontoret.

Eg har spurt før, men eg tek gjerne oppatt spørsmålet: – Kor vart det av Åge Hovengen, dvs. politikarar med hans og «landsfaderen» Einar G. si interesse for å møte folk ansikt til ansikt? Og for sikkerheits skuld; spørsmålet går til sentrale politikarar i alle parti, ikkje berre til dei eg er på lag med.

Demokratisk problem
Du som ble født for lenge sia,
skjønner hver dag: Du er ute av tida.
Det sies så fint at Folket skal tale,
men satses helst på det digitale.
 

 

Flere firelinjere er samlet i en bok. Den kan du få kjøpt på Joker. Overskudd fra salget går til Hedalen idrettslag og Hedalen ungdomslag. Les mer her.

 

Hedalen.no takker Eldor for at vi får lov til å publisere noen av diktene hans! Dette vil vi gjøre på onsdager eller torsdager i tiden som kommer. Redaktøren