Sist oppdatert: 29.04.2019 17:23

Framtida til Sør-Aurdal

  ELDOR BRÅTHEN

Stort sett er det slik at alt som er bestemt av menneske, kan forandrast av menneske. Somme vedtak og handlingar som følgjer av dei, bryt med denne regelen fordi dei er bortimot uråd å gjera omatt. Gode døme i så måte er uoppretteleg skade på natur og fornybare ressursar , gjerne grunngitt med ønsket om tidsavgrensa økonomisk gevinst.

Eg skal ikkje skrive om fisk og oljeboring, men vil gjerne klappe litt for AUF og Innlandet Arbeidarparti. Og for no å fortsetja med vedtak og handlingar som er vanskelege å reversere. Vedtaket om å byggje idrettshall på Bagn er eit slikt vedtak.

Ein idrettshall åleine har truleg lite å seie for tilflyttinga til kommunen. Kanskje kan han bremse flytting frå Bagn. Det er bra, men vinninga går opp i spinninga dersom folk flyttar frå Hedalen og Begnadalen til andre kommunar, eventuelt lar vera å flytte hit. Det kan fort skje dersom skolen i desse bygdene ryk pga. den økonomiske situasjonen kommunen har sett seg i.

Ein del personar har jobba godt, og ein må berre gratulere dei med kva dei har fått til. «Mø vil ha fleirbrukshall på Bagn», gjekk rett heim hos politikarane. Fleirbrukshall som i ønskeleg grad kan stette kulturbehov utanom idretten, vart det kanskje ikkje, men folk med idrettsinteresse og rimeleg reiseavstand får sikkert glede av han. Sjølv har eg passert 80 år og har 90 km å kjøre viss eg vil til hallen og heimatt. Eg innser at eg ikkje er i målgruppa

Frå Begnadalen og Hedalen må bodskapen no bli minst like klar. Det står i dykkar makt å forandre skolestrukturen, men vi vil gjerne behalde skolane våre. Vi veit de kan bruke to argument. Det eine er økonomien, også kalla driftstilpassing. Det skulle de ha tenkt på før de fann på på å byggje ein idrettshall som utan tvil er dyrare enn det som strengt tatt trengst, men greitt nok. Gjort er gjort, og vi lyt betale, gamle og unge: hedøling, begnadøling og begning.

Det andre argumentet er at elevane ved sentralisering vil få ei betre skoletilbod. Kva fortel om ein skole er god eller dårleg? Testar og målbare resultat åleine gir ikkje svar på det spørsmålet.

Korleis byggjer vi ein god skole? Her finst mange faktorar. Lærarane er ein av dei, men eg vil aller først nemne ein annan: Kontakten mellom skolen, foreldra og nærmiljøet. Blir den kontakten svekt fordi skolen er trekt ut av bygda, har ein øydelagt ganske mykje.

Det går an å tru at det blir lettare å skaffe kvalifiserte lærarar viss ungdomstrinnet i Hedalen blir flytta til Bagn, men eg er slett ikkje sikker. Dei to største, ikkje-kommunale arbeidsplassane i kommunen: Fekjær og Begna Bruk, rekrutterer kvalifiserte medarbeidarar til arbeidsplassar til i «utkanten.» Det same gjer Hedda Hytter, for å nemne nokre døme, og det bør vera mogleg også i skolen.

Kanskje bør vi lære litt av Vang. Der tilsette kommunen ein ny, ung medarbeidar, det vart ordna med arbeid til kona. Snart har ein kanskje barnehage- og skoleelevar på kjøpet. I Sør-Aurdal tilset vi folk og lar skattepengane deira fortsetje å gå til Landkommunane. Vi verken kan eller bør truge folk , men litt meir kan kanskje gjerast for å få dei som blir tilsette i kommunen til å busetja seg her?

Vi kjenner vedtaket frå 2015. Skolestrukturen i Sør-Aurdal skal vurderast, ikkje nødvendigvis endrast, dersom elevtalet i tre påfølgjande år har vore under 35 på 1. til 7. klasse og 15 på 8. til 10. Det var eit samrøystes vedtak, lagt fram av Senterpartiet og Arbeidarpartiet i fellesskap, og det vedtaket er fornya i år mot ei stemme frå Sp. No syner prognosane at elevtalet i Begnadalen kan bikke under 35 i komande treårsperiode, og sjølv om avstanden frå synst i Begnadalen til Bagn er drug for dei yngste elevane, er nokon ivrige etter å leggje ned skolen raskast mogleg, dvs. på grunnlag av prognosar, og utan å vente og sjå den faktiske utviklinga.

Semja frå 2015 har så langt har berga skolen i Begnadalen og ungdomstrinnet i Hedalen. No talar og skriv somme om skolekvalitet på ein slik måte at ein må tru dei meiner at sentralisering i seg sjølv fremjar kvaliteten. Den gamle fagforeiningsleiaren, Jan Henrik Bakke, vart etter at han vart rektor på SAUS, sentraliseringstilhengjar.


Meir interessant er det å få vite kva ordførarkandidaten til Senterpartiet eigentleg meiner ut frå enkelte utsegner kven som får lida for ein dårleg skole. Meiner ho at noverande skolestruktur gir ein god skole, eller bør ein helst sentralisere?

Kommunestyret har stadfest at skolestrukturen, med tilstrekkelege elevtal, skal førast vidare. Det viktigaste ein da kan gjera , er å arbeide for utvikling i Begnadalen og Hedalen. Da trengst bumoglegheiter i desse bygdene og arbeid ikkje for langt unna.

Hedalen, og særleg Begnadalen, har ein klar fordel i den korte avstanden til Ringerike. Magne Damslora er kanskje den av kommunestyrerepresentantane i Sør-Aurdal som sterkast har marknadsført Begna Bruk og Begnadalen. No veit vi at det høgst sannsynleg kjem fleire arbeidsplassar på Nes i Ådal, og Sør-Aurdal kommune bør, slik Magne har peika på, ha klar tomter og bumoglegheiter nær Begna Bruk og Ringeriksdelet. Magne takkar for seg som kommunestyrerepresentant, men det er å håpe at desse tankane blir arbeidd med vidare.

Fossilt brensel er ikkje-fornybart og dessutan miljøøydeleggjande. Mykje tilseier at det bør fasast ut før eller seinare, helst før. Sør-Aurdal har store fornybare ressursar. Her er barn og ungdom og plass til fleire. Dei unge bør gjerast merksame på moglegheitene som finst her, og dei bør få behalde skolen i nærmiljøet sitt. Rom til fritidstilbod og noko å drive med er mange flinke til å ordne sjølve.

Sør- Aurdal kommune har satsa mykje i kommunesenteret. No trengst det at kommunestyret, administrasjonen og andre gode krefter i like stor grad går inn for å fremje utviklinga i søre delen av kommunen.