Sist oppdatert: 14.12.2019 07:03

Ti ting eg lurer på

  ARNE HEIMESTØL

Budsjettprosessen i Sør-Aurdal har forundra meg. Eg sit att med ein heil del spørsmål eg gjerne skulle ha hatt svar på.
 

1.

Lovbrot?

28. oktober var det budsjettkonferanse i Sør-Aurdal. Rådmannen hadde kalla inn tilsette. Ordføraren orienterte kommunestyremedlemmar om møtet, slik at dei som var interesserte i det, kunne møte opp. 14 av 19 representantar var til stades på møtet. Det vart leia av rådmannen.

I politikerskolen i Kommunal Rapport bruker journalist Marte Danbolt konferansen som eit eksempel på korleis eit slikt møte ikkje skal gjennomførast.

– Møtet vart halde utan offentleg innkalling, saksliste og møtebok, slik kommunelova krev, skriv Danbolt.

Ordførar Hougsrud meiner derimot at møtet fall utanfor lova.

Der står saka. Kan ordføraren be Fylkesmannen sjå på dette temaet?

2.

Budsjettrutinar

Budsjettrutinane er endra. No har kommunestyret fått eit rammebudsjett som er langt mindre detaljert enn det ein har fått før. Det har rådmannen og staben hans bestemt.

Dette har ført til at både politikarar og allmenta slit med å få oversikt og sjå konsekvensar.

  • Har rådmannen fullmakt til å endre budsjettrutinane utan å ha lagt dette fram som sak for kommunestyret?
3. Rådmannsvelde?

Trass tydelege vedtak og politiske signal valde rådmannen å ta opp att skulesaka i budsjett- og økonomiplanen kommunestyret no skal behandle.

Er dette og dei nye budsjettrutinane eksempel på at vi er i ferd med å få eit rådmannsvelde i Sør-Aurdal?

4.

Skulesaka

Skulesaka har ridd kommunen vår som ei mare frå 2009 til no. Mange hadde håpa at vedtaket frå 2015 skulle gje arbeidsro, slik at ein no kunne konsentrere seg om å få fleire til å flytte inn i kommunen vår. Men rådmannen ville det annleis. Han vil leggje ned både Begnadalen skole og ungdomstrinnet i Hedalen.

FAU ved Begnadalen skole har gjennomført ei ny undersøking med 100 % deltaking. 74 % av dei føresette til barn i barnehage og skole seier nei til å leggje ned skulen frå hausten 2020.

I Hedalen er elevtalet på ungdomstrinnet lågt i ein kort periode. Så stig det godt over grensa som er sett.

Kan kommunestyret følgje opp vedtaket frå 2015 og gje både Hedalen og Begnadalen arbeids- og sinnsro?

5.

Dødssynd å bruke disposisjonsfondet til drift?

Då Høgre og Arbeiderpartiet i formannskapet fekk fleirtal for å foreslå vidareføring av ungdomstrinnet i Hedalen, vart midlane henta frå disposisjonsfondet. Dette tok rådmannen ille opp.

Eg minner om at den same rådmannen foreslo å bruke 18,2 millionar av fond og tilbakeført mva. for å finansiere den siste kostnadssprekken på Sør-Aurdalshallen.

Samtidig veit vi at dei årlege kostnadene til forvaltning, drift og vedlikehald av Sør-Aurdalshallen er berekna til 3,5 millionar kroner. I tillegg kjem renter og avdrag på lån, slik at den årlege utgifta med dagens rentenivå vil vere på rundt 8 millionar kroner.

Dette er eit prosjekt som går eit godt stykke utanfor dei lovpålagde oppgåvene kommunen har.

Er det ei dødssynd å bruke av disposisjonsfondet før ein ser ei betre løysing? Eg minner om at rådmannen har lagt fram eit rammebudsjett som mange politikarar slit med å finne fram i.

6.

Finst det område som er freda?

Harald Liodden, som var kommunestyrerepresentant for KrF i forrige periode, reiste spørsmål om det hadde vore ein driftsgjennomgang av legetenesta i kommunen vår. Han viste til fastlegane ved legesenteret i Bagn har svært høge inntekter.

Når vert dette teke opp som sak i kommunestyret?

7.

Styring av kommunale fellestenester

Fellestenestene i Valdres kostar mykje. Korleis kan Valdres-kommunane få demokratisk kontroll på budsjetta til desse tenestene, slik at desse og må innrette seg etter utviklinga i kommunane sin økonomi?

8.

Skilje mellom administrasjon og politikk

I formannskapsmøtet 26.11. vart det debatt rundt skolesaka og bruk av fond. Rådmannen bad fleire gonger om ordet. Det førte til at Olav Kristian Huseby (H) sa at no engasjerte rådmannen seg i politikk.

Kva for roller har rådmannen og administrasjonen i politiske møte?

9. Video frå kommunestyre og formannskap

Alle har ein grunnlovsfesta rett til å vere til stades i møte i politiske organ. Sør-Aurdal har teke i bruk videoføring av møte i formannskap og kommunestyre.

Video frå det siste formannskapsmøtet er ikkje lagd ut på kommunen si heimeside.

Kan vi rekne med at videooverføring av og opptak frå kommunestyre- og formannskapsmøte vil fungere?

10.

Ikkje éin, men to hallar

Onsdag vert Sør-Aurdalshallen offisielt opna. Prislappen er på 159 millionar kroner – den største investeringa