Sist oppdatert: 13.12.2019 07:09

Vi treng føreseielege politikararar

 

Pengemangelen har ført til forslag om kutt i lovpålagde oppgåver, mellom anna nedlegging av Begnadalen skole og ungdomstrinnet i Hedalen.

Folketalet går ned i kommunen vår. Dette fører til redusert inntekter for Sør-Aurdal kommune. Det vert òg samla sett færre barn i skular og barnehagar.

Eit samla kommunestyre har slutta opp om busetjingsprosjektet som er vedteke. Det vil vere meir enn merkeleg om ein startar dette parallelt med skulenedleggingar. Avvikling av skoletilbod vil akselerere fråflyttinga og hindre tilflytting i store delar av kommunen. Motivasjonen for å engasjere seg i busetningsprosjektet vil òg bli svekka i dei delane av kommunen som vert råka av nedleggingsvedtak.

Eit klart fleirtal av føresette til barn i skole og barnehage i Begnadalen har sagt nei til at denne skolen bør leggjast ned. Det bør dei folkevalde lytte til. Argumenta FAU bruker, liknar dei som vert brukte på hi sida av åsen.

Vi meiner at både Begnadalen skole og ungdomstrinnet i Hedalen bør vidareførast. Kommunestyret bør tysdag gje klar melding om at skulesaka ikkje skal takast opp att i denne økonomiplanperioden. Kommunen og bygdene treng arbeidsro når vi no skal samarbeide om å stabilisere, og helst auke, folketalet i Sør-Aurdal.

Skal ein følgje opp skulevedtaket frå 2015, er det Begnadalen skole som er mest utsett for å bli lagd ned. Vi meiner det er denne bygda som bør få størst og mest merksemd i starten av busetjingsprosjektet vi no går inn i.

Skolesaka var tydeleg framme valkampen. Partia var i stor grad einige om å vidareføre skolevedtaket frå 2015. Bygdene og kommunen treng føreseielege politikarar – folkevalde vi kan rekne med og stole på.

Pengemangelen er reell, men kommunekassa er ikkje tom. Busetjingsprosjektet bør løftast opp til ei av dei høgst prioriterte oppgåvene i kommunen vår.