Sist oppdatert: 06.03.2019 18:05

Ei utvikling vi vil og kan snu

  Siste kvartal av 2018 vart det 20 færre innbyggjarar i Sør-Aurdal. Det er ikkje godt nytt for kommunen vår. Det er ein nær samanheng mellom talet på innbyggjarar og overføringar frå staten til kommunen.

Kommunestyret har gjort to vedtak som kan vere med på å snu den negative utviklinga. Skulevedtaket frå 2015 er eitt av desse. Ingen parti har teke til orde for å endre vedtaket. Tvert imot har så godt som alle sagt at vedtaket står ved lag. Rådmannen vil derfor ikkje få det politiske fleirtalet med på å leggje ned skular no.

Det andre vedtaket er busetnadsprosjektet kommunestyret vedtok i budsjettmøtet i desember. Sør-Aurdal kommune skal ta eit skikkeleg skippertak for å syte for at fleire buset seg i kommunen vår.

Skal kommunen lukkast med stoppe folketalsnedgangen og heller få fleire til å busetje seg i kommunen, må det vere liv laga å bu i alle bygdene våre, og bygdene må finne fram til nye måtar å samhandle på.

Akkurat no er det viktigast å satse mest i Begnadalen. Skulevedtaket frå 2015 kan slå inn om få år om ikkje fleire buset seg i bygda. Begna bruk treng snart fleire tilsette. Kommunen lyser også stundom ut ledige stillingar. Offentleg verksemd må, både her, og i andre bygder samarbeide med det private næringslivet slik at at det er arbeid å få for familiar som ynskjer å flytte til kommunen vår.

Innspelet som kom frå 10 ungdommer som ynskjer å busetje seg i Hedalen, må vere særs godt nytt for kommunen. Dette skriv Anne Mathea Digene:

Et ønske fra meg er å utfordre alle kommunens grendeutvalg/bygdeutvalg, arbeidsgivere og kommunen som tilretteleggere for en uformell arena, der vi som fremtidige arbeidstakere kan møte dere. Hensikten er at vi samarbeider om en forutsigbar framtid i Sør-Aurdal kommune der alle bygder blir tatt vare på.

Det er ingen grunn til å vente med ta tak i denne utfordringa.