Sist oppdatert: 14.07.2019 16:12

Sogesong- ein konsert i tråd med forventningane

  TEKST: ELDOR BRÅTHEN
BILDER: ARNE G. PERLESTENBAKKEN



Mellom 30 og 40 personar var samla ved inngangsdøra til Hedalen stavkyrkje 8. juli da Anne Hilde Øigarden tok å fortelja om kyrkja vår slik berre ho kan det. Da kaffien var drukken i Prestststuggu og konserten begynte, var vi omtrent dobbelt så mange. Det vil seia at vi fekk rom i den opphavlege stavkyrkjedelen, og sjølv om balladane frå mellomalderen djupast sett er tidlause, høvde dei svært godt nett der.
 


Anne Hytta og Øyonn Groven Myhren

Gruppa «Sogesong»: Øyonn Groven Myhren og Anne Hytta, har eit allsidig folkemusikkrepertoar, men har, som namnet seier , spesialisert på songar som fortel ei soge, dvs. balladar. Av desse «sogesongane» frå mellomalderen finst mange slag: trollviser, historiske viser, skjemteviser og, ikkje minst, riddarviser. Instrumenta dei brukte var «fiddle» ein djupmælt bestefar eller oldefar til hardingfela og lyre, ei lita, ljosstemt harpe. Mellomalderballaden er , som livet sjølv, fylt av både ljos og mørke, og desse instrumenta klarte å bera fram begge delar.

To menn og ei kvinne fører ofte til konflikt, i mellomalderballadane gjerne med tragisk utfall. Opningsnummeret om to karar som heitte Haldor og Jon, var bygd over nett den leisten.
Andre nummeret går inn i kategorien historiske viser og fortel om noko som skjedde i Vestergøtland i Sverige i 1288. Ingrid Svantepolksdotter var lova bort til ein slektning av den mektige danskekongen Valdemar Seier, men Folke møtte opp i brudlaupet, slengde brura på hesten sin og rømde til Norge med henne. Stort meir veit vi ikkje om Folke Algotsson, men bråk vart det. Fleire av slektningane hans måtte bøte med livet . Elles er å seia at all namn i visa vi er omlaga. Folke har fått namnet Falkvord, og etternamnet Lomannsson.
Viktigast for oss her og no er det kanskje at balladen om «Falkvord Lomannsson» og brurerovet kom til Valdres, og at Anders Underdal brukte melodien da han nokre hundreår etterpå skreiv «Valdresvisa.: - Valdres, Valdre, min eigen dal.

Tredje visa vi fekk høre, handla om «Ingerlill.» I røynda heitte ho Tora og var tenestejente på ein gard i Viken. Eg-personen i visa er kong Sigurd Munn som levde frå 1133 til 1155 og vart krona til konge da han var tre år gammal. Kortversjonen av ettermælet hans fortel at var meir interessert i jenter enn politikk. Ifølgje Snorre vart han forelska i Tora da han sto utanfor vindauget hennar og høyrde ho syngje.
Tora vart gravid. Sonen fekk namnet Håkon og tilnamnet Herdebrei. Han var med andre ord breiskuldra, sjølv om han ikkje rakk å bli meir enn 15 år gammal. Næraste slekta tok livet av han i eit sjøslag ved Sekken i Romsdal i 1162. Da hadde Håkon vore konge i tre år. Hedølingane tok til å hogge kyrkjetømmer, og ettertida fekk ein vakker mellomalderballade.

Fjerde balladen hadde eit heller alvorleg tema. Alv kjem til tinget. Han er svært taus og folk får etter kvart vite kvifor. Ein ukjent person har drepe far hans , og Alv er på leiting etter drapsmannen. I følgje visa er Alv ikkje ute etter hemn, men da den ukjende melder seg og yppar til strid, vel Alv å forsterke sverdet sitt med fleire pund jarn.
Med det kjem situasjonen ut av kontroll. Sverdet tek til å handle på eiga hand og vil til sist drepa eit barn som ligg i vogga. Da nemner Alv Guds namn, og sverdet stansar.

Etter så mykje alvor og dramatikk gjorde det godt med ein liten balladeparodi. for oss mest kjent pga. Alf Prøysen. «Tordivelen og fluga» fortel om fluga som «sitter ved kongens bord» og syner lita interesse for tordivelen som « graver i muld og jord.» Ho kjem på betre tankar da ho får seg ein øyrefik, men å seie at visa er dagsaktuell er sjølvsagt å dra det for langt.

Signe Kvåle takka på vegner av oss alle i hop, og vi fekk Kråkevisa som avslutningsnummer. Den mest kjende versjonen av denne ressursutnyttingssoga kjem frå Voss eller Hardanger: - Av nebbet gjorde han kyrkjebaot, så folk kunne ro både frao og aot.
Versjonen vi fekk høyre i Hedalen stavkyrkje denne julikvelden, er frå Rauland i Telemark , og høyrde eg ikkje feil, sa Øyonn Groven Myhren at oldefar hennar var nedskrivar.

Konklusjon: Nokre gonger treng vi eit møte med noko som har vart ei stund. Eg drog til kyrkjepresentasjon og kyrkjekonsert med store forventningar, og eg vart ikkje skuffa...


Signe prest ønska velkommen