Sist oppdatert: 24.07.2019 18:50

Vidare breibandsutbygging

  Telenor har sendt melding til fleire kundar i området Hedalen nord om at desse skal få fiberoppkopbling innan 12. desember 2019. 86 adresser i Hedalen har ytra ynskje om at tilbodet skal verte utvida til å gjelde Åsli og Midtbygda òg.

Valdres skog har på oppdrag frå Statens vegvesen rydda langs fylkesveg 243 frå fylkesdelet til kyrkja. Det har gjort at telefonlinja, som mange stader går langs vegen, har kome fram frå tjukk skog. Det er godt nytt for Telenor som vil spare både tid og pengar når strekking av fiber kjem i gang.

13. juni behandla kommunestyret saka Medfinansiering brebånd/fiber 2019. Her vedtok kommunestyret samrøystes å bevilge inntil 1 000 000 kroner frå disposisjonsfondet til medfinansiering av fiber/breibandsutbygging for adressatar som ikkje har tilfredsstillande teoretisk breibandsdekning i samsvar med ESA sin standard. NKOM og Oppland fylke har òg midlar som kan bli brukt til å gje nokre adresser internettoppkobling med vesentleg høgare nettfart enn det desse har i dag.

På nettsida til NKOM les vi følgjande:

Bredbåndstilskuddsordningen skal bidra til at alle husstander i Norge får et bredbåndstilbud av god kvalitet. Den offentlige støtteordningen skal finansiere bredbåndsutbygging i områder hvor de kommersielle aktørene ikke finner det lønnsomt å bygge ut bredbånd.

Når Telenor er ferdig med utbygginga i dei fem områda dei har sagt ja til å byggje ut med fiber på kommersiell basis, vil langt fleire husstandar i Sør-Aurdal ha nettoppkopling av topp kvalitet.

Vi meiner midlane som kommunestyret no har bevilga, må nyttast til dei som oppfyller kriteria NKOM har sett, og som treng offentleg støtte for å få nettoppkopling av tilfredsstillande kvalitet (helst fiber) til ein akseptabel pris.

Det er framleis område i Sør-Aurdal som bør kunne byggjast ut på kommersiell basis. Fiber er det beste ein kan få, men òg ei dyr løysing. Alle som vil ha det, må forstå at ein sjølv må rekne med å betale noko for å få dette på plass.