Sist oppdatert: 25.03.2019 10:34

Vårdikt

  KARI HALDIS

Vårtonar brusande og ville
det susar og syng kvar eg går.
Ikkje ein stad er det stille,
det er yrande livet som rår.

I dalbotnen Storelva durar
skummande kvit i foss og fall
gulkvite fossar som buldrar og murrar
elvesjoe blir til den villaste trall.

Bekkar kjem skvaldrande nedetter lia
byksande ned i dei kåtaste sprett.
Dei mullar og klukkar og ler heile tida
og ber isflak på ryggen så leikande lett.

Det dundrar og brakar i gulbrune stokkar.
Tømmeret òg vil på eventyrferd.
Dei svingar og dansar – og våren den lokkar.
Alt er yrande glede i heile vår verd.