Sist oppdatert: 30.03.2019 17:07

Om Sør-Aurdal kommune - presentasjon og framtid

  ELDOR BRÅTHEN

 

Aller fyrst må eg vedgå at eg til no ikkje har lese heile utgreiinga til rådmannen. Dette er med andre ord ein spontan, og kanskje litt mindre kaldklok gjennomgang enn det rådmannen  presenterer.
 

Dei tunge tiltaka som rådmannen foreslår, tvangsflytting av skoleborn og eldre,  lar eg rett og slett liggje. Går eg inn på det, rekk eg ikkje å kome meg ut ein vakker laurdag føremiddag.

 

Her og no vel eg å konsentrere meg om noko så bagatellmessig som ord, og da i første omgang dette. Kvifor valde formannskapet «berekraftig» og ikkje «framtidsretta» utvikling? Ein kan gjera seg ein del tankar og spekulasjonar. Dei vel eg så langt å halde for meg sjølv, men eg tek gjerne i mot forklaringar.
 

Over til ein annan «bagatell», slagordet – Sør-Aurdal. Først i Valdres.  Dette er som sagt ein spontan reaksjon, og det fyrste som slo meg, var at dette er rett og slett tungt, og rytmisk dårleg. Berre – Først i Valdres,  hadde faktisk vore betre.
 

Ei sak for seg er det at ein legg opp til eit grepa godt slagord for Begnadalen, og kanskje også Hedalen, om ein vel å halde på at bygda vår skal vera ein administrativ del av Sør-Aurdal og den framtidige Valdres kommune. Slagordet for desse bygdene må da bli: – Først i Sør-Aurdal. Først i Valdres. Personleg synest eg let rytmisk bra, mellom anna pga. gjentakinga, men eg ventar ikkje ei slik framheving av fordelane ved Begnadalen og Hedalen. Satsingsområdet synest å liggje ein heilt annan stad.
 

Litt optimisme til slutt. Formannskapet vedtok å ta rådmannen sitt framlegg «til orientering», ikkje «til etterretning». I desse Brexit-tider går tankane til England. Der har politikarane i Underhuset sagt at dei sjølve vil ta hand om prosessen framover. Mykje er usikkert, men eg trur det kan bli bra om dei berre blir samde om noko. 
 

I kommunen vår synest partia å vera rimeleg samde om at barneskolelevane i Begnadalen og ungdomsskolelevane i Hedalen skal få vera der dei er. Dermed er vel den saka opp og avgjort utan fleire augnekast til administrative krumspring?