Sist oppdatert: 31.03.2019 17:30

Eit nytt kapitel i følgjetongen: «Eldor gjør ting han itte kan»

  ELDOR BRÅTHEN

La meg aller først få seia som sant er. Eg har lita peiling på kva ein rapp er for noko, men eg har ein ide om at rapp eigentleg er ei munnleg framføring.


Eldor Bråthen

Det du no kan lesa nedanfor, er med andre ord ikkje ein rapp, men kan kanskje bli i det om kunnige folk kastar seg inn i ei munnleg framføring med gjentakingar og det som elles hører til.

Her om dagen kom ein jesell
og sa je borde reppe.
Je ressenerte‘n itte,
men je ba om å få sleppe.

Det lyt da vara måte på
hå gamle følk ska jøra.
Je spørde’n pent og høfle’
om han va’ tørr bak øra.

Da våla‘n no om Vallersen
og dialekt og somt.
– Vallersdialekt, si’ mange ,
– det e’ grepa gromt.

Je syns det e’ litt artig je at sjornalista balar
med å reise rundt og lye på håss følk i Vallers talar.
Je prater itte vallers, det jør slettes itte je.
Je prater berre hedøling og greier me’ med det.