Sist oppdatert: 06.03.2019 18:19

Når ungdom vel å streike

  ARNE HEIMESTØL
I ei ytring på Hedalen.no tysdag 5.3. skriv Solveig Lie om unge miljøaktivistar som "nesten ikkje har meir luft å puste i sidan foreldregenerasjonen brukte opp lufta for dei". Ho har lite pent å seie om desse ungdommane og meiner dei burde skamme seg.

Saka handlar om europeisk ungdom som droppar einskilde dagar for å demonstrere. Kravet er sterkare innsats mot klimaendringane. At ungdom engasjerer seg i den største utfordringa verdssamfunnet no er inne i, burde vi applaudere, og det er vi godt vaksne som heller burde gå i oss sjølve for å vurdere kva framtid vi har å by våre etterkomarar.

Lie har rett i at vi i den vestlege verda aldri har hatt det betre enn no, og det er svært mykje av det generasjonar har bygd opp, som er verdt å ta vare på. Dette kan likevel ikkje brukast som argument for å ikkje møte klimakrisa med heilt nødvendige tiltak. Det vert for smått for kvar og ein av oss å byte ut plastposar med andre handlenett, medan vi til dømes reiser med fly som før, og såleis held fram med altfor store Co2-utstlepp.

I motsetnad til Lie har eg mykje pent å seie om norsk ungdom. Og her støttar eg meg til både forsking og eigne erfaringar.

Forskning.no les eg at tenåringsforeldre har liten grunn til å bekymre seg no til dags. Ungdom trivst betre heime, har eit betre forhold til foreldre enn før og har aldri vore meir veltilpassa og skikkelege. Dei bruker meir tid på lekser, lever aktive liv og røykjer og drikk mindre enn tidlegare.

Som ungdomsskolelærar i Globalskolen har eg dei siste 21 åra blitt kjend med mange norske ungdommar som i periodar eller permanent bur i utlandet. Eg må seie at eg ofte vert rørt over både positive haldningar, refleksjonsnivå og innsats desse ungdommane viser.

Nei, Solveig Lie, eg trur vi skal helse ungdommane sitt engasjement for klimasaka velkome. Og det burde vere unødvendig å streike for å få oss vaksne i tale.