Sist oppdatert: 26.10.2019 17:03

Begnaljom jubilerer

  STYRET I BEGNALJOM

Felemusikken har gått mykji tilbake her i Sør-Aurdal den siste tida, som ellers i mange av dei andre valdresbygdene. Før «dyrka» dei folkemusikk mest på kvar gard.


For å få «leita» framatt dei gamle slåttane frå bygdene, og kveikt interessa for felespel har folkemusikknemda i Valdres løyvt ein del pengar, og bedt om at «meisterspelemannen» Torleif Bolstad, vil reisa rundt i bygdene og undervise i felespel. Fyrste møte hans her i Sør-Aurdal var den 17. november i 1969. Det møtte då fram 9 stykkjyr på Bagn sentralskule.

Alle hadde med fele, alle hadde og prøvd å stryke noko på den frå før. Vi prøvde oss på fleire gamle slåttar frå bygda, og det gjekk utrulig bra, Bolstad var og vel nøgd- etter som han sa sjøl...

Vi vart då den kvelden samde om å starte eit spelemannslag, og møtene skulle vara i hobbisalen på Bagn skule kvar måndag kl.18.00, så sant det ikji noko anna kom i vegen. Dei som møtte fram på dette fyrste møtet, var: Mekkel Lundelien, Arne Øyhus, Ingmund Øyhus, Gudbrand Bertelrud, Ola Dølvesæter, Marie Frøshaug, Sonja Juvkam, Gunnar Øyhus og Erik Røang.

Dette var eit utdrag frå møteprotokollen då Begnaljom spelemannslag vart starta i 1969. Det vart etter ei stund mange danseglade folk til stades på tilstelningar som spelemannslaget hadde dei neste åra, og det førte til at Begnaljom vart utvida til dansarlag i 1979.

Det har vore varierande aktivitet i Begnaljom spel- og dansarlag igjennom åra, men på det meste hadde Begnaljom spelemannslag omtrent 200 låttar på repertoaret. Begnaljom har arrangert kurs i sang/kveding, torader, langeleik, fele, valdresspringar, springdans frå Sør-Aurdal og lausdans. Det har vore mange undergrupper innan laget, m.a. i torader, først Langebelg, deretter Kvervillen.

I 1995 deltok for eksempel 50 barn i barneleikarringen. Vi kan og nemne at Begnaljom har hatt klassevinnarar på Landskappleiken: Erland Joplassen i hardingfele klasse C, langeleiksgruppa med Solfrid Olmhus, Trude Bakke og Hanne Bjørnødegård og Ole Kristian Nyhagen med bukkehorn.

Mange medlemmar har vore med og arrangert både lokalkappleikar, Jørn Hilme - stemne, gamaldansfestival og landskappleik. Laget arrangerte i mange år tredje- dagsfestar og spelte på ulike arrangement.

I 1997 fikk Begnaljom utdelt kulturprisen som takk for innsatsen laget har lagt ned for å ta vare på og vidareføre folkemusikk og folkedans frå Sør-Aurdal og Valdres.

16. november feirar Begnaljom spel - og dansarlag femti- og førti årsjubileum. Arrangementet startar kl. 18 på Sør-Aurdal ungdomsskole på Bagn. Det blir servert spekemat og rømmegraut. Kl. 20 blir det dans - mest gammaldans - i gymsalen med sal av mat og drikke.

Alle inviterast både med og utan dansefot, både medlemmar og ikkje medlemmar. Vil du vera med på bordsetninga kl. 18, må du melde deg på innan 7. november til Runar Kolsrud på sms tlf. 958 62 550 eller e-post rkolsr@online.no. Inngang kr.250 for mat og fest eller berre fest kr. 100.
Hjarteleg velkomne!