Sist oppdatert: 29.10.2019 18:26

Ein særs dårleg idé

  I budsjettkonferansen sist måndag gjorde rådmann Haakon Boie Ludvigsen det klart at han vil ta opp att skolesaka. Både Begnadalen skole og ungdomstrinnet ved Hedalen barne- og ungdomsskole vil han leggje ned.

Det ser ikkje ut til verken kommunestyrevedtak, politiske signal, valprogram, munnelege og skriftlege utsegner frå parti eller tidlegare og nyvalde kommunestyrerepresentantar vert vektlagde.

At eit samla kommunestyre vil prioritere auka tilflytting og redusert fråflytting, synest i praksis ikkje å bli teke omsyn til. I 10 år har skulesaka ridd oss som ei mare. Er det snart nok?

Vi forventar at partia no set foten ned og står ved det dei sa i valkampen. Viss det er noko vi no treng, så er det arbeidsro der bygdene i kommunen kan samarbeide om å leggje forholda til rette for vekst og utvikling – ikkje avvikling.