Sist oppdatert: 28.01.2020 17:05

Store investeringar kan bli rimelegare enn venta

  ARNE HEIMESTØL

Eit investeringsprosjekt i Bagn kyrkje vart langt rimelegare enn budsjettert. I kommunestyremøtet torsdag 23. januar varsla kommunalsjef Hans Solbrekken Ruud at det er håp om at ein vil kunne komme i mål innafor budsjettet til Sør-Aurdalshallen òg.

Kyrkjeleg fellesråd starta i 2014 på planlegging av eit prosjekt som først vart sett på som vanleg vedlikehald. Då behovet vart nærare undersøkt, fann kommunen sin bygningsingeniør omfattande råteskadar på kyrkja. Riksantikvaren kom på banen og konkluderte med at ein måtte sjå på tiltaket som eit investeringsprosjekt.

Norconsult fekk prosjekteringsoppdraget. Det kosta vel 320 000 kroner. I investeringsbud-sjettet for 2018 sette kommunen av 7 millionar kr til prosjektet. I 2019 vart behovet redusert til 5 millionar kr. No er prosjektet fullført med ein totalkostnad på 2,2 millionar kr.

Sør-Aurdalshallen

I kommunestyremøtet 23.1. stilte Olav Kristian Huseby spørsmål om korleis kommunen ligg an i høve til budsjettet som vart vedteke for Sør-Aurdalshallen.

Kommunalsjef Hans Solbrekken Ruud sa at det er godt håp om at ein skal kome i mål innafor vedteken ramme. Til no er det brukt rundt 146 millionar kroner.

Rådmann Haakon Boye Ludvigsen opplyser at alle tal som gjeld for dette prosjektet, finst i sak 30/18. Her les vi at prosjekt Sør-Aurdalshallen skal gjennomførast innafor ei kostnadsramme på 159 millionar kr.

Rådmannen opplyser elles at prosjektet ikkje er heilt ferdig, og at prosjektrekneskapen vil bli lagd fram for formannskapet og kommunestyret når administrasjonen i sluttfasen har betre detaljoversikt.


Foto: Arne G. Perlestenbakken