Sist oppdatert: 30.01.2020 16:44

Pengar spart er pengar tent

  Eit investeringsprosjekt i Bagn kyrkje vart vesentleg rimelegare enn det budsjettet for prosjektet hadde lagt opp til. Opphaveleg var det sett av sju millionar kroner til tiltaket, men sluttrekninga kom på 2,2 millionar.

Kommunestyret vedtok i 2018 ei kostnadsramme for Sør-Aurdalshallen på 159 millionar kroner. I siste kommunestyremøte vart det opplyst at ein til no har brukt 146 millionar. Noko arbeid står att, men det er håp om at ein skal kunne komme i mål utan å bruke heile budsjettposten.

Kommunen låner pengar til investeringar, og for kvar million kommunen låner, betalar ein for tida årleg 65 000 kr i renter og avdrag. Nedbetalingstida på lån er 40 år.

Vert behovet for låneopptak eksempelvis redusert med 10 millionar kr, sparer kommunen altså 650 000 kr årleg. I økonomiplanperioden vil ei slik innsparing bety 2,6 millionar kr.

I siste kommunestyremøte vart det opplyst at innsparingsbehovet dei neste fire åra er 10,5 millionar kr. Lågare finansutgifter kan bli vere eit godt bidrag til å komme i mål med spareprosessen.