Sist oppdatert: 12.04.2020 12:24

Påsketur 2020

  TEKST: ODDRUN MATHEA GARLI OG BJØRK MATHEASDATTER
BILDE: ARNE G. PERLESTENBAKKEN

Påska i år er annleis. Sjølv om vi har det bra, er det mykje vi saknar. Vi saknar å gå på butikken i Hedalen, handle inn og helse på folk. Vi saknar Seterknatten og Høgdefjell.

Vi saknar Vestsida, sola som går ned bak fjellet, suset i bjørkene, sildringa frå bekken. Men aller mest saknar vi mamma. Og slik har mange det i påska i år.

Nokon saknar dei som er i Hedalen, og andre saknar dei som ikkje kan vera i Hedalen. Da er det godt å ha ei mor som likar å prate i telefonen, som alltid har noko å fortjelje frå turane ho går, om folk ho møter, om tankar ho gjer seg.

Det hender og ho lagar små vers og deler med oss. Her om dagen sende ho meg eit lite dikt på tekstmelding. Det rørte meg slik at eg straks måtte ringe ho oppatt. Ho hadde ikkje fått skrive ned alt ho hadde tenkt, sa ho. Men nå fortalde ho meg resten på telefonen, og slik vart heile diktet ferdig.

Eg syntes diktet vart så bra, at eg meinte det skulle sendast til hedalen.no. Mamma likar ikkje stikke seg fram, men ho gjekk nå med på det til slutt. Så her kjem ei lita skildring frå ein påsketur langs Vestsidevegen.

Bjørk Matheasdatter

Påsketur 2020

Eg rusler på Vestsidevegen,
den stille vegen eg dagleg går.
Det kjem ingen i mot meg,
men fuglane kvitrar: «No er det vår!»

Eg kjenner lukta av våren,
men snøen ligg oppunder lia,
tenk å kunne klatre til fjells
og renne nedatt på skia.

Sola sender stråler av gull
over skog og mark.
I vinter, da vegen hadde snø,
da køyrde eg turen på spark.

Frå skogen høyrer eg rytmen,
eit takfast hakk, hakk, hakk
Hakkespetten er på arbeid,
eg får lyst til å gje han ein takk.

Det er så godt å kjenne
at mykje er som før,
at dyra framleis skapar ein heim,
i ei verd som kjennes skjør.

Eg vandrar oppover bakkane,
det er godt å ha sterke lår.
Så møter eg ei på sykkel,
ho stoppar og praten går.

Ser du noko i grøftekanten?
seier ho så lurt.
Eg skimtar noko som lyser mot meg,
så vakkert, så vent og gult.

Handa mi plukkar ein hestehov,
den fysste blomen i år.
Eg kjenner meg glad i hjarte,
og vinden ruskar mitt hår.

Så kjem eg inn på tunet,
der eg og katter bor.
Dei stryk seg mot meg og mjauar:
«Velkommen heimatt, mor!»

På bordet står ein blome,
det er som den noko vil si:
Sjå alle menneske, sjå meg
Det finst håp i ei vanskeleg tid!

Oddrun Mathea Garli