Sist oppdatert: 02.02.2020 11:26

Takketale for Sør-Aurdal Kommune sin kulturpris for 2019

  ODDLEIV JUVKAM OG OLA THORSRUD


Ola Thorsrud og Oddleiv Juvkam

Oddleiv

På vegne av Bagn Korvettlag og Øpe Hus, med alle dei 13 leiarane til saman gjennom åra, og alle deltakarane, vil vi få takke for prisen. Det er hyggeleg å bli sett pris på, og hyggeleg at kommunen ser arbeidet vårt så verdifullt at vi får denne høgthengande kulturprisen!

Korvetten har no drive på i 22 år, Øpe Hus i snart 18 år. Som mange andre på Bagn var eg i oppveksten med på ungdomsklubbane Yngres og TenIn, som i mange år vart drive her i Bagn av Arne Grøv, i samarbeid med Oppland Indremisjon. Våren 1997 snakka Svein Lund og eg om å starte opp ein klubb for ungar som var for store for barnelaget. Vi tok kontakt med Oppland Indremisjon, og starta opp Bagn Korvettlag om hausten dette året. Korvett er ikkje ein moped eller ein amerikansk sportsbil, sidan dei vert skrive med C. Nei, ein Korvett er eit militært skip.

Bakgrunnen til at vi starta korvetten, var at vi ynskte å ha eit tilbod til born som var ein trygg plass å vera, med artige aktivitetar, der dei kunne få høyre om Jesus, kunne spørja om ting dei lurer på. Etter kvart som skulen lærer dei mindre om bibelen og mindre kristendomskunnskap, kjennes det svært nyttig og fint å ha andakter. Mange er ivrige til å svare og kommentere på spørsmåla våre.

I starten følgde Svein og Maria Lund og eg opplegget til Maxi Korvett, med luer, merker, oppgåver og merkekrav. Det var arbeidssamt å passe på, og vi skjønte at ungane ikkje var så opptekne av å ta merkene. Etter kvart gjekk oppslutninga ned, og etter ca. to år sa Svein og Maria at dei ville gje seg som leiarar. Heldigvis svara Ola svara ja til å vera med, og då vi samtidig endra mykje på opplegget, vart det sving på sakene att. Dette var frå våren 2000, altså for 20 år sidan. Vi laga vårt eige opplegg, som vi stort sett følgjer framleis.

I mange år var Acta, (som er ungdomsorganisasjonen til Normisjon, tidlegare Indremisjonen), på besøk 2-3 gonger i året, og besøkte Korvettlaget. Etter kvart har det vorte litt sjeldnare, men framleis brukar dei å koma ein gong i året, gjerne på foreldrefesten.

Nokre år etterpå fekk Bagn Bedehus to store testamentarisk gåver. Dermed vart det pengar til å pusse opp bedehuset, med nytt tak, nye toalett, innvendig fornying, nye møblar, nytt spelerom i kjellaren og nyoppussa peisestove, og slik vart det eit betre hus til å drive ungdomsarbeid i. Vi er heldige som har eit greitt bedehus sentralt i Bagn.

På bedehuset er det bordtennis, bowling, airhockey, fotballspel og ulike brettspel. Så er det piano, gitarar og anledning til å spela musikk.

Opplegget på korvetten er ganske variert: vi startar med gåtur om hausten, med bålsteikte lappar og leik i skogen, fortset med fjøsbesøk i Thorsrud, badeland-tur, kanskje skøyter, aking i Juvkam, bowling, sykkeltur, og avsluttar for sommaren med kanotur på Fjorda med overnatting. Innimellom er det spelekveldar på bedehuset, med kiosk og ganske fritt opplegg. Ein gong om våren har vi foreldrekveld, med kake, gjerne bordkonkurranser og litt orientering om kva korvetten er. Vi har møter annankvar måndag frå 19-21, og korvetten er for 5. til 7. klasse. Svein har iblandt kome og halde andakt, elles er det Ola og eg som har dei. Oppmøtet varierer mellom 20 og 50 ungar.

Etter kvart vart det så mange ungar at vi hadde behov for å ha med ein tredje leiar. Dermed fekk vi med Terje Flaten frå 2002-2009, og frå 2015 har Tore Bergli vore med.) Evt droppe alt dette, om det er nevnt.

Ola
Eg tenkte det var rett med litt store tankar fyrst, på ein slik stor dag.
Vi går i spor som andre har gått før oss.

Bedehuset i Bagn har støtt vore eit hus for heile bygda. Her har det vore rom for alle. Her har det også vore samanhengande aktivitet gjennom alle år.
Då har eg lyst til å trekke fram Gunvor Skaro. Vi som står her i dag byrjar å nærme oss å møte ungane til dei vi har hatt på korvetten og Øpe Hus. Gunvor Skaro dreiv arbeid for far min, for meg og for Marine. Arbeidet til slike som henne ser vi fruktene av i bygda når det gjeld tilliten til arbeidet på Bedehuset.

Foreldra kvir seg ikkje for å sende ungane til arbeidet vårt. Riktig nok var det til å byrje med nesten fleire foreldre på foreldrekveldane på korvetten enn det var på foreldremøte på skulen. Dette var kanskje ikkje utan grunn.

Ein del av det vi har gjort har kanskje gjort enkelte foreldre bekymra –
mens andre ting har gjort kanskje dei same foreldra begeistra.

På korvetten har blant anna:

Mange ungar kasta opp etter høg eksponering av klor.
Andre ungar har hoppa ut i elva frå bruer og berghyller.
Hundar har reist med elva og utfor fem meter høge fossar.
Korvettar har ete godteri tilberedt i flytande nitrogen,
andre korvettar har fått fiskekroka gjennom hendene -
eller fått brent opp joggeskoa sine.
Vi har velta med kajakk, kano, sykkel og kjelke,
Og nokon har til og med klart å springe opp glasberget,
og kanskje dei vann prinsessa også.

Likevel har så vidt vi veit ingen vore hjå doktor etter korvetten sjølv om vi har ake avstanden Nordkapp – Paris med rattkjelke. (Vi har rekna altså.)
Ingen har bløytt ut bagasjen sin ved kanovelt sjølv om vi har
padla like langt som Norge på langs med kano.

Vi har ikkje vore flinke til å lære korvettane til å rydde eller synge,
men vi har leika og lært mykje anna.

Vi har konkurrert i kahoot, slak line, dansa ballett rundt bytter, kjempa i fun battle , vippa pinne og mykje, mykje meir.

VI har gått på skøyter på haustis og vi har vorte kjent med han som gjekk på vatnet.

Vi har arrangert gudsteneste og teke imot kalv.
Vi har lært om Gud, Jesus og den Heilage Ande,
om jul, påske og pinse, Paulus og Peter.
Vi har lært om skapinga og om evolusjon,
om det unike livet og det lokale livet
Vi har lært fyrstehjelp og krigshistorie.
Vi har lært å sove borte men og at det er viktig å ha det bra heime.
Vi har lært å vere ein god venn og lært å løyse konfliktar.

På korvetten har vi drukke spenevarm mjølk og kald Cola.
Vi har ete eplekart og sjokolade.
Ja - brus har det gått i bøttevis og godteri i kilovis -
ja til og med midt i veka.

Så de skjønar vi har hatt det trivelig, og i snitt har godt over halvparten av ungane i Bagn vore med på korvetten. Dette set vi pris på og gleder oss over.

Oddleiv
Fleire av oss som var leiarar for Barnelaget og Korvetten, snakka om at det burde vera ein klubb for dei som var for store for Korvetten. Dermed starta vi Øpe Hus hausten 2002, med til saman ni leiarar, og med møter annankvar fredag frå 20-23. Der er det mindre opplegg, stort sett med kiosk, pizza eller vaffel, ei andakt, speling og fritt opplegg. Aldersgruppa er ungdom på ungdomsskule og vidaregåande. Det er vanlegvis mellom 20 og 40 ungdommar innom. Oss ni er Ola og Mona, Tore og Sigrun, Kåre og Gunhild, Anne, Turid og eg. Evt. droppe, om det er sagt.

For at slike klubbar skal vara, er det viktig at leiarane ikkje slit seg ut. Både på barnelaget og på korvetten er leiarane stort sett med kvar gong, men vi er heldigvis tre leiarar på kvart lag. På Øpe Hus er vi så heldige at vi er 9 leiarar, og dermed treng vi berre vera med 3. kvar gong. Det gjer at vi ikkje slit oss ut, og vi orkar dette over mange år.

På begge klubbane har vi god økonomi. Kommunen har vore flinke til å gje oss kulturmidlar, og vi får støtte gjennom Acta.

Sjølv om det iblandt er litt tungt å starte opp att arbeidet om hausten, er det fint når vi kjem i gang. Det er hyggeleg å vera saman med ungane og ungdomane. Det er mykje fart i dei, og dei er snille, ivrige og positive. Når vi har drive så lenge, er det artig å møte att vaksne som vi kjente godt då dei gjekk på korvetten, og dei gjev uttrykk for at korvetten var verdifullt for dei. Slike tilbakemeldingar gjer at vi syns det er meiningsfullt å framleis drive på.

Kor mange i salen er det som er med i eller har vore med i Korvetten eller på Øpe Hus? Kan de reise dykk?

Ola
Vi takkar både korvettar/ungdom på Øpe Hus og foreldre for mange givande stunder i lag med flotte ungar og flott ungdom. Utan dykk hadde det ikkje vore så stas å vore leiar på korvetten og på Øpe Hus. Og denne prisen er til oss alle, ikkje berre alle leiarane men også til de som er barn og unge.

Tusen takk for kulturprisen!