Årsrekneskapen
for Sør-Aurdal kommune er gjort opp med eit rekneskapsmessig mindreforbruk
på kr 5 761 886,-. Netto driftsresultat for 2019 blei på kr 9 244 795,-. Det
utgjer
2,8 % av brutto driftsinntekter.
Dette er, dersom ein tek omsyn til kriterium for sunn kommuneøkonomi
kommunestyret i Sør-Aurdal har vedteke, godt nytt.
Netto driftsresultat vart på 2,8 % av
brutto driftsinntekter – vel eit prosentpoeng betre enn minimumsmåltalet,
disposisjonsfondet vil vere på 40,8 millioner kroner om kommunestyret vedtek
å overføre mindreforbruket til til dette fondet, og lånegjelda vil vere på
70,9 % av driftsinntektene (vedtak: maks 75 %).
Så veit vi at utsiktene for
økonimiplanperioden ikkje er er spesielt gode. Lånegjelda vil stige til over
90 % av driftsinntektene (vedteken grense er
75 %), og driftsresultatet som er budsjettert, er nær 0 kroner kvart år i
åra som kjem. Disposisjonsfondet, som kommunestyret fritt kan disponere, kan
vere godt å ha.
I siste formannskapsmøte undra Svein Erik
Wold (Sp) seg over at det økonomiske resultatat vart betre enn budsjettet,
og han sa dersom kommunestyret hadde visst dette, kunne dei ha hatt meir
pengar å bruke, for eksempel til Skaperkraft Valdres og støtte til Røde Kors
i Bagn som har skaffa seg hus.
Vi ser annleis på dette spørsmålet. Dei 10
siste åra har det vore gjennomført fleire driftstilpasningsprosessar. I dei
lovpålage oppgåvene er det i fleire sektorar skrapa til beinet. Det vil
derfor vere umusikalsk om kommunestyret no kvitterer med å bruke
mindreforbruket i strid med tidlegare vedtak.
Formannskapet meinte at driftsoverskotet
skal setjast av til disposisjonsfondet. Det er, i den usikre tid vi no er
inne i, svært fornuftig. Vi håper kommunestyret følgjer opp dette vedtaket.
Er det sektorar som bør få meir i tida som
kjem, bør slike vedtak vere tufta på grundige utgreiingar og ikkje på
benkeforslag frå kommunestyre-representantar som brått har fått meir pengar
dei gjerne vil dele ut til ulike formål. Ei krone kan ikkje brukast meir enn
éin gong.
|