Sist oppdatert: 25.03.2020 06:48

Var Simo i Støa begnadøling?

  ELDOR BRÅTHEN

For litt sidan fekk eg ei utfordring på fjesboka. Eg skulle ta bilete av sju bøker og legge dei ut på nettet. Bøker har det med å setje i gang tankeverksemd, og no vil eg dele med dykk ein tanke som dukka opp da eg las om att Thor Gotaas si bok: -Det beste frå Nu i Valdres.

Først nokre ord om avisa Nu og, Anders Mæhlum, mannen som skapte henne. Mæhlum var husmannsgut og gjekk på lærarseminaret i i Klæbu i åra 1867–1869. Leiande menn i heimbygda, Børsa i Trøndelag, samla inn pengar så den draumen kunne realiserast. I 1870 vart Anders Mæhlum omgangskolelærar i Brønnøy. Han vikarierte for presten bygde hus. Ekteskapet, som han truleg hadde sett føre seg, vart ingenting av. Jenta drog til Amerika, og er no ute or soga.

Mæhlum tok oppatt ein gamal draum om å studere til prest. Da måtte han fyrst til Oslo og ta artium. Ein kjøpmann i Nordland dekte utgiftene, men Mæhlum kom ikkje gjennom nålauget, Han fekk toppkarakter i norsk, men strauk to gonger i gresk. No kunne han sikkert ha gått tilbake til skulestova, men Mæhlum vart i staden journalist i Oslo og Drammen og skreiv boka «Nordlandsliv».

Vi hoppar til 1894. Da sendte Mæhlum ut to prøvenummer av Nu, og i 1896 etablerte han «Nu» som vekeavis. Inga enkel oppgåve når han sjølv skulle skaffe tingarar og annonsørar, skrive alt stoffet, og stå for distribusjonen. At han, bokstaveleg tala, held «Nu», gåande heilt fram til 1932, er vel inga mirakel, men ein prestasjon nesten utan sidestykke i norsk pressehistorie kan det kanskje kallast.

Mæhlum held seg i Kristiania dei første åra «Nu» eksisterte. Stoffet dreidde seg om hendingar i hovudstaden og utanrikspolitikk , men i 1899 begynte ein ny epoke. Mæhlum begynte å vandre. Vanlegvis, fortel Gotaas, tok han toget Drammen opp gjennom Hallingdal og avstikkarar til Numedal og Valdres. Ein stor del av Valdrestoffet er henta frå Sør-Aurdal, og eg trur det må seiast at utan Elling Goplerud, gjestfridomen hans og interessefellesskapen mellom dei to, hadde «Nu» vore langt mindre interessant.

Så endeleg over til spørsmålet eg begynte med. Vi kjenner Jacob Sande sitt dikt «Kallen og katten», og eg har alle dagar trudd at Sande hadde dikta opp heile historia, mogleg inspirert av ei hending heime i Sunnfjord.

Jacob Sande debuterte i 1929 , og eg vart ikkje lite overraska da eg fann ein kort notis henta frå Nu nr. 24/1916. Den begynner slik: – På Jenserud i Bægnadalen skulle en Gut dræpe en utlevet Kat, som ikke ville dø sjøl. Så kjem forteljinga om korleis Jenserudguten og ein gut frå Tromberg festa dynamitt til katten, som sprang etter dei. «Dynamitten exploderede udi Døren», og katten vart riven i «tusen Attomer.» Anders Mæhlum henta mykje stoff i Sør-Aurdal, og ikkje minst Erling Goplerud var ei god nyheitskjelde og ein solid økonomisk støttespelar.

Akkurat denne dynamittideen var ikkje blant dei beste, og Mæhlum fortel at gutane i Begnadalen ikkje ville ta patent på han. Dei hadde sikkert betre idear. Vi kan utelate at begnadølingane hadde lese «Kallen og katten.» Til det var dei alt for tidleg ute, og da står vi att med to moglegheiter. Simo i Støa var eigentleg begnadøling, og diktaren frå Fjaler i Sunnfjord har funne historia i Nu, utbrodert henne, og gitt Jenserud og den oppfinnsame sør-aurdølen anna namn.

 

– Slikt kan mer enn en gang hendes, seier Peer Gynt. Katter og iderike folk finst både i Valdres og Sunnfjord. Det same kan, som Peer Gynt seier, ha skjedd meir enn ein gong. Spørsmåla vert da: – Korleis oppstår gode idear? Korleis kjem dei ut, blir tilpassa lokale forhold, og kjem til nyttes?

Viktige spørsmål for politikarar og andre som arbeider med bulystprosjekt i Sør-Aurdal og alle oss meinige som vonar at prosjektet må lukkast. Eitt er sikkert. Ingen ide kjem til sams nytte om du held han for deg sjølv. Og så lyt vi berre tru og håpe at dagen da vi igjen kan møtast til ideutveksling på vanleg måte, ikkje er alt for langt unna.