Sist oppdatert: 30.03.2020 21:18

Til minne om Torolv Slettebråten

  ELDOR BRÅTHEN

Akkurat no er svært mykje annleis enn vi er vane med. Vi er vane med at kjørka står og tek i mot oss når vi har hug til å bruke henne, og vi er vane med å samlast der, i sorg og glede.


Torolv Slettebråten. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Vi har lært at Hedalen stavkjørke vart attfunnen og teken i bruk att noen tiår etter Svartedauden. Når vi no er i den situasjonen at ikkje alle som kan det og ønskjer det , får samlast der for å ta avskjed med ein kjær sambygding, er det gjerne rundt 600 år sidan sist bygda opplevde noko tilsvarande.

Ei gravferd gir alltid minst to grunner til takknemlegheit. Takknemlegheit til Gud for det han har gitt oss gjennom det mennesket vi tek avskjed med, og takknemlegheit til den som snart skal berast ut av kjørka, for alt det han eller ho har gitt oss og den fellesskapen vi alle lever i.

Hedalen er ei langstrakt bygd med folk i alle aldrar og med forskjellige interesser. Sjølv om vi er ganske få, blir det likevel slik at noen treffer vi ganske ofte, andre meir sporadisk og sjeldan. For meg var Torolv Slettbråten ein person i den siste kategorien, men han vil alltid vera ein person eg minnest med svært stor takksemd. Forklaringa skal du få ganske fort: Torolv var ein av dei to hedølingane som sommaren 1971 kjørte flyttelasset til Maria frå Voss til Hedalen!

Familien har bestemt at vi kan få gi gave til Hedalen idrettslag. Eg er ganske sikker på at den gamle grusbanen til idrettslaget er fyrste plassen eg såg Torolv, og at det skjedde ganske kort tid etter at krigen var slutt. På den tida hadde Hedalen to fotballag i herrer senior, A-lag og B-lag, og det var konkurranse om i det heile tatt å komma med på eitt av laga.

Torolv var ganske ung. Han var ein habil målmann, men spelte den fyrste tida mest på B-laget, rett og slett fordi Ivar Klemmetsrud var litt eldre og enda dyktigare: – Hå er det som fel denna mann som dett heile tida, sa ei jente frå Lindelia krets når Ivar slengde seg etter ballen.

I 2007 så heldig at eg fekk lov å skrive bok om Vassfarbrøtningen, og dermed var Torolv, som brøtningskar i bortimot 20 år, ein av dei som det var heilt naturleg å ta ein prat med. Dei siste åra før brøtningen tok helt slutt, vart tømmertransporten overført til veg, og den erfarne brøtningskaren begynte å kjøre tømmerbil i staden.

Torolv var god til å fortelja, men eg går likevel ganske raskt forbi dette med tømmertransport til lands og til vanns og mykje anna som Torolv fortalde om frå desse åra. Du finn det i boka.

Torolv var 16 år da han i 1946 begynte i brøtningen, og eg vil nøye meg med å gjengi det han tidleg lærte om å va ei stri elv. Dra beina, og hold kontakten med elvebotnen! Elles var regelen at den uerfarne unggutten gjekk i midten med sjefen føre og ein annan erfaren brøtningkar bak. Det er eit avsnitt om arbeidskultur, samhald og omtanke.

No for tida er det mye prat om kortreist mat. Her i Hedalen betyr det bl.a. rakafisk. Dei fiska eg har drage opp, var for det meste for små til å raka. Av den grunn har eg aldri prøvd å legge ned rakafisk, men eg har vorte påspandert fisk fleire gonger.

Det er muleg eg tek feil, men eg har ein følelse av at det å levere frå seg oppskrift på rakafisk for mange sitt lenger inne enn det å spandere bort sjølve fisken. Av den grunn vil eg få lov å nemne boka om «Vassfarbrøtningen» ein gong til. Der finn du, heilt mot slutten, nokre få matoppskrifter, bl.a. oppskrift på rakafisk, slik Torolv Slettebråten ordna han til.

Signe minnet!