Klede og sko til barn i Mongolia

I november sende elevar frå ungdomsskolen i Hedalen klede og sko til Mongolia.  No har vi fått takkebrev:

I desember vart det sendt ein container full av klede, sko og liknande frå Noreg til trengjande barn og familiar i Mongolia. Alt dette var gåver som var samla inn av privatpersonar og grupper i Noreg. Vi vil takke kvar einskild som var med.

Det var meininga at utdelinga av kleda skulle koma i gang når vinteren var på sitt kaldaste. Men det vart store forseinkingar i frakta gjennom Russland og i tollen i Mongolia, så containeren kunne ikkje opnast før i midten av mars. Sortering av kleda vart gjort på dugnad av den nasjonale staben i NLM. Det var mykje fint og godt tøy. Kleda vart laga til i passande pakkar. Til no har 265 born og 160 vaksne i prosjektet vårt fått slike pakkar.

I tillegg er noko distribuert til organisasjonar vi samarbeider med: Den nasjonale barnekomiteen, barnevernskontoret i den eine bydelen der vi arbeider, kvinnefengselet og til sjukehuset for dei fattigaste. Totalt 800 personar har fått klede gjennom desse organisasjonane.

Ved utgangen av april var omlag ein tredjedel av innhaldet i containeren delt ut. Framover vil vi ha nye utdelingar til dei barna og familiane vi arbeider med. Varme klede og sko vil bli delt ut når neste vinter set inn.

Dette er kjærkomen hjelp til familiar som ikkje har høve til å skaffa seg det som trengs. Dei har rikele med erfaringar i å frysa, sidan dei bur i Ulanbataar, den kaldaste hovudstaden i verda.

På vegne av gatebarnsprosjektet (Child and Family Strengthening Project) i Mongolia vil vi takke for den fine innsatsen. Takk for at du var med!

Venleg helsing frå prosjektstaben


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |