Sist oppdatert: 26.01.2012 07:00

Hedalen Skoles Venner

ARNE HEIMESTØL, LEIAR I HSV
Eg tek neppe for sterkt i når eg påstår at hedølingane for to år sidan var prega av kollektivt tungsinn og pittelitt sinne.

Skulesaka, der kommunestyret ville leggje ned ungdomsskulen i bygda vår, førte til at eit heilt bygdesamfunn kjende seg utfordra, og for mange av oss fekk det konsekvensar for kva vi tenkte om framtida. Men så snudde kommunestyret i februarmøtet sitt, og kort tid etter kvitterte bygda med å opprette foreininga Hedalen Skoles Venner.

Resten av historia er kjend. Venelaget har arbeidd snart 1500 timar, og vi har brukt rundt 50 000 kroner av eigne midlar til no. Skolen vår er utvendig i betre stand enn på lenge, og kommunen har greidd å stoppe taklekkasjane over samfunnsdelen på skolebygget.

Styret i venelaget har hatt eit svært godt samarbeid med kommunen, og kommunestyret har to gonger bevilga 300 000 kroner til arbeid som er utført – eller som skal gjerast dette året.

Torsdag kveld håper styret mange vil vere til stades i gymstikksalen. Då er det, i tillegg til årsmøte, høyring på planane for renovering av skolekjøkkenet. Både dei som arbeider på skulen og bygdefolk elles er hjarteleg velkomne! Tilbakemeldingar må vi ha no, og idear om korleis vi skal finansiere vår del av tiltaket, treng vi innspel på.

Vi gler oss over det som skal skje dette året:

  • 15 vindauge sør og vest for gymnastikksalen skal bytast ut. Dette har vi pengar til, og arbeidet skal skje i vinterferien.

  • Det skal ryddast skog mellom Hedalsheimen og skolen, truleg i februar.

  • 15. mars skal det vere befaring på skolen der HSV har fått invitasjon til å delta. Går det som vi håper, vert det betydelege enøktiltak både på skulebygget og barnehagen, kanskje alt frå seinsommaren.

  • Kommunen har tidlegare sett av midlar til trafikksikringstiltak. No søkjer ein fylket om støtte, og planen SAK har, er å gjennomføre dette arbeidet i 2012 òg.

  • 1. august startar arbeidet med renovering av skulekjøkkenet, og arbeidet skal vere ferdig før vi skriv månaden oktober.

HSV skal arbeide for å oppretthalde eit fullverdig skuletilbod for heile grunnskolen i Hedalen. Vi tolkar formålsparagrafen i vid forstand.

Det er kjent at skolen har fleire ledige lærarstillingar frå hausten 2012. Bygda har mange kvalitetar å by på, og no håper eg vi kan samarbeide om å skaffe søkjarar til dei ledige stillingane. Lærarar kan kome utanfrå og ha behov for bustader. Dette let seg, dersom det er behov for det, sikkert løyse, trur eg.