Sist oppdatert: 22.12.2013 08:42


Å svelgje kamelar

Arbeidet med budsjett for 2014 og langtidsbudsjett for 2014–2017 vart ikkje slik kommunestyrepolitikarar i Sør-Aurdal hadde rekna med for berre tre månader sidan. Då vedtok dei utbygging av Fossvang-området til 90 millionar kroner.

På kort tid er kommuneøkonomien forverra. Kraftige innsparingar, som dei vi opplevde under driftstilpasningsprosessen for få år sidan, er vedtekne, investeringar er sette på vent, og ein ny spareprosess skal gjennomførast dei to første månadene i 2014.

Vi merka oss at stemninga var annleis i dette møtet enn ho har vore i fleire folkemøte og kommunestyremøte dei to siste åra. Det må vere grunn til å spørje kor realismen har vore, og kvifor ein ikkje satsa sterkare på å nå måla som vart sette i den førre driftstilpasningsprosessen. Går det slik det no ser ut, vil det til dømes vere fort gjort å telje opp det som er att på disposisjonsfondet ved starten av 2015.

Det pussige var at nokre av dei politikarane som har ivra mest for å satse høgt, no hadde vondt for å finne talarstolen og kome med konkrete forslag om korleis ein kan kome seg ut av knipa.

Ingen politikarar uttrykte ynskje om å innføre eigedomsskatt i budsjettmøtet sist tysdag. Det var Senterpartiet og Arbeiderpartiet som valde å støtte forslaget rådmannen hadde kome med om å førebu innføring av slik skatt, og for dei fleste vart nok dette å likne med å svelgje ein ikkje reint liten kamel.

Mindre overføringar frå staten vert nemnt som éin grunn til krisa kommunen no er inne i, men politikarane spør seg om det er den einaste forklaringa. Kvifor aukar utgiftene så mykje som dei gjer i einskilde sektorar? No er det tid for å snu steinar att, og strenge prioriteringar må til. Med til dette høyrer sjølvsagt å ta ei ny runde på Fossvang-prosjektet. Det kan verte fleire kamelar å svelgje i året som kjem.

Det bør ikkje vere noko mål å kome på Robek-lista. Etter at kommunen fekk Fylkesmannens fornyingspris for 2010, vil det vere ein dobbelt nedtur å kom dit.

Skatteinntektene har sjølvsagt mykje å seie for kommuneøkonomien. Vi har sett at einskilde bedrifter har opplevd store utfordringer det siste året. Éi av desse er Begna Bruk.

Vi treng eit levande næringsliv i kommunen, og difor bør prosessen politikarane og administrasjonen no skal inn i, også ha merksemd retta mot korleis ein kan ta vare på næringslivet vi har, men òg korleis ein kan leggje til rette for nyskapande verksemder.

Trass alt må vi hugse på at Sør-Aurdal kommune er ein god kommune å bu i. Vi håper at arbeidet politikarar og administrasjonen no skal ta til på, kan verte gjennomført utan at vi får ein ny, opprivande strid som den vi hadde i den førre driftstilpasningsprosessen.