Sist oppdatert: 31.10.2014 17:39

Pest og kolera

  ARNE HEIMESTØL
Får formannskapet som det vil, vert det innført eigedomsskatt frå 2015. Vedtak om endring i skulestruktur kan komme tidlegare enn framdriftsplanen legg opp til
.

Formannskapsmøtet torsdag var eit framhald av møtet som vart halde tysdag 21.10.

Tyngst for skulesektoren?
Det var ikkje lagt ut nye saksdokument før møtet. I staden fekk formannskapet eit arbeidsdokument på bordet som viste nye innsparingsforslag. Les meir her.

Her kunne politikarane lese at det er mogleg å spare 1 500 000 kroner dersom ein set i verk strukturendringar i skulesektoren frå hausten 2015.

I møtet kom det fram at 450 000 kroner av dette beløpet er innsparing på drift og vedlikehald av bygg. Denne innsparinga legg til grunn at Begnadalen skole vert lagd ned. I tillegg vil ungdomstrinnet ved Hedalen barne- og ungdomsskole bli vurdert flytta.

Tenesteleiar Inger Randi Islandsmoen fortalde at ho hadde fått klare tilbakemeldingar frå alle dei fire skolane om at det no ikkje er mogleg å skjere meir. – Skal det sparast meir, meiner administrasjonen at det må strukturendringar til.

I debatten var Magne Damslora (Ap) oppteken av av det er behov for å spare meir. – No får vi valet mellom pest og kolera. Vala vi må ta, vil smerte, sa han.

Mindre heimehjelp?
I arbeidsdokumentet peika heimetesta på at det er mogleg å spare inn 0,6 årsverk ved å redusere heimehjelpa frå kvar tredje veke til éin gong i månaden. Kari Brit Olmhus Øyhus (Sp) peika på at dette kunne skape uhygieniske forhold i einskilde heimar og lurte på kva for konsekvensar dette vil føre til for tenesta heimesjukepleia skal utføre.

Interkommunalt samarbeid
I formannskapsmøtet ga ordføraren elles signal om at ein må vurdere utsett oppstart av VLMS på Fagernes. – Vi har gjennom utbygginga som no er i gang, lojalt følgt opp signal frå sentrale styresmakter. Når dei økonomiske føresetnadene vert endra, må vi gje eit tydelege signal attende til styresmaktene om at pengar må følgje planar.

Andre samarbeidstiltak vart også nemnde. – Vi må ta tak i interkommunale verksemder og kritisk gå gjennom budsjetta desse har også. Dette gjeld mellom anna IKT-Valdres som vil ha auka budsjettrammene sine for 2015, sa Helland.

Etterlyste klarare tale
Oddvar Fremgaard (TPK) var oppteken av at ein no må kome til ein konklusjon om eigedomsskatt, og her viste ordføraren til at denne alt er lagt inn i langtidsbudsjettet, og at det no berre er eit formelt vedtak som ventar før denne skatten kjem på plass frå 2015.

Førebels vedtak?
– Det kan komme eit førebels vedtak om endringar i skulestrukturen på budsjettmøtet i desember, sa ordførar Helland etter møtet. – No ventar vi på kva som kjem ut av samtalane med Ringerike om samarbeid med Nes. Legg rådmannen fram forslag til strukturendringar, kan kommunestyret ta stilling til det.

Helland understreka at kommunen skal følgje lovverket som gjeld for slike prosessar, og at dei som vert råka av slike vedtak, skal få høve til å seie meininga si før saka kjem opp til endeleg avgjerd i kommunestyret.