Sist oppdatert: 26.11.2015 06:45

 

Fiber til 110 husstandar

 

Måndag kveld hadde Eidsiva bredbånd invitert til møte på Søre Lokalet. Temaet var fiberutbygging. Innkallinga hadde på kort varsel kome via e-post, og fleire stussa over det som vart lagt fram denne kvelden.

 

Lat det vere sagt med ein gong: Dette er eit stort og viktig prosjekt som dei det gjeld, må samarbeide om slik at det ikkje går i vasken. Nye opplysningar frå Valdres natur- og kulturpark seg saka inn i nytt perspektiv:
 

Prosjektet omfattar transportnett for fiber fram til Buskerud fylkesgrense. Tilbodet om fiber til heimen gjeld 110 private adresser, og Hedda Hytter og Multibil er to av bedriftene som nyt godt av det som til no er gjort.


Utbyggingskostnadene er på heile 2 834 300 kroner. Offentleg tilskott til prosjektet er på 1 314 300 kroner. 756 000 kroner kjem frå Høykom-midlar, og Sør-Aurdal kommune er inne med 517 000 kroner. Rådmann Erland Odden fortener stor ros for innsatsen han har gjort for å setje Hedalen på kartet då tilskotsmidlane skulle fordelast i Valdres, og kommunal eigeninnsats kom på plass.

 

Det dei færraste som no får tilbod om fiber til heimen veit, er at støtta per husstand er på heile 11 841 kroner. Takkar alle husstandane ja, er utbyggingskostnadene per brukar 25 534 kroner.


Bygdeutvalet støttar tiltaket varmt. Det gjer vi òg. Skal det bli noko av utbygginga, må minst 60 % av husstandane sør for Hallom bestille fiber. Det er eit overkommeleg mål når ein tek omsyn til ei bagatellmessig tilknytningsavgift og månadsleige til om lag same pris som ein i dag har for Internett via telenettet.

 

Kva så med resten av bygda? Vi veit at transportnettet er på plass frå Bjørgan til fylkesgrensa. Strekninga Bjørgan–Sukke står att. Bygdeutvalet s kjem heilt sikkert til å halde i denne tråden, og næringslivsgruppa som jobba med fibersaka i fjor, sit neppe i ro på krakkane sine. Det gjer heller ikkje  Hedalen.no.

 

Vi får samle oss i grender og melde behov til Eidsiva, slik at fleire får tilbod. Mens vi ventar, vil mobilnettet til Netcom vere eit godt alternativ for mange, og ikkje reint få vil ha både mobilt breidband og fibernett i framtida.