Sist oppdatert: 10.09.2018 21:53

Legg fram sak utan drøfting og forslag til vedtak

 

ARNE HEIMESTØL

Når kommunestyret i Sør-Aurdal torsdag 13.9. skal uttale seg om selskapsstrategi for Kommunerevisjon IKS, er det berre styret i kommunerevisjon IKS sitt forslag til strategi som er lagd ved saka.

 

Hedalen.no har sendt e-post til rådmannen med kopi til ordførar der vi spør kvifor saka vert lagt fram denne måten, men har ikkje fått svar. Her høyrer det med til soga at Nord-Aurdal kommune har valt ein liknande framgangsmåte.

 

Kritiske merknader frå to Valdres-kommunar
Vang kommune var først ute, 14. juni, med å behandle denne saka i Valdres. Her fekk kommunestyret ei grundig saksutgreiing, og kommunestyret slutta seg samrøystes til rådmannen sitt forslag til vedtak. Det var mange kritiske merknader.

 

Sist torsdag behandla kommunestyret i Vestre Slidre same sak. Sjå fire saksdokument her. Som i Vang er det lagt fram både vurdering og forslag til vedtak, og kommunestyret vedtok samrøystes følgjande:

Kommunestyret tilrår at representantskapet i Kommunerevisjon IKS legg vedlagte modell til grunn for utarbeiding av selskapsstrategi. Kommunestyret ber om at representantskapet vurderer ei arbeidsgruppe med revisjonssjef, 1 representant frå styret, 2 frå representantskapet, 1 representant frå kontrollutvala og 1 representant for rådmennene for vidare arbeid med selskapsstrategien. Utkast til strategi vert lagt fram for kommunestyret før sluttbehandling i representantskap.

  • Her kan du sjå modellen denne kommunen tek til orde for. (Den kjem frå Gol.)

Sit Gol med løysinga?

Det har vore mykje strid rundt Kommunerevisjon IKS. I oktober 2017 skreiv vi at kommunane Hol og Flå hadde vedteke å melde seg ut av Kommunerevisjon IKS. Det var nære på at Ål kommune kom til same konklusjon.


Dette les vi i saksframlegget Gol kommune behandla 4.9.2018:

Gol kommune ynskjer å vera ein konstruktiv bidragsytar, for å få på plass ein selskapsstrategi for Kommunerevisjon IKS, som kommunane i Hallingdal og Valdres kan samle seg om.
Ut frå siste års hendingar bør det vera i alle sin interesse at det er stor semje om selskapsstrategien, og at den er godt forankra i eigarkommunane.

  • Her kan du sjå modellen denne kommunen tek til orde for.

Saksbehandling i Sør-Aurdal
Når dette oppslaget er skrive, sit vi att med nokre spørsmål. Det står gruppeleiarar eller andre fritt til å svare på dei.

  1. Kvifor er ikkje denne saka betre utgreidd i Sør-Aurdal kommune? (Jf. argumentasjonen kommunen brukte i retten mot tidlegare rådmann Håkon Rydland.)

  2. Korleis skal kommunestyret kunne uttale seg og evt. gjere vedtak om saka når ein har så lite informasjon?

  3. Vil det vere i kommunen si interesse å få til ei løysing som kan samle alle eigarkommunane i Hallingdal og Valdres?