ARNE HEIMESTØL
Hedda hytter er førstesideoppslag i
"Valdres" laurdag 14.12. Hyttefabrikken investerer 15 millionar kroner i ny
produksjonshall for den nye Hedvig-hytta. Selskapet håper å kunne ta den nye
produksjonshallen i bruk etter påske.

Foto: Helge Nordby
Til "Valdres" fortel Magne
Omsrud at planarbeidet starta for halvanna år sidan då selskapet kjøpte
Mulitibil-anlegget. No har hyttefabrikken kjøpt opp grunnareal dei treng, og det
totale produsjonsarealet vert på 1800 kvadratmeter. I Multibil-bygningen
skal ein no produsere hyttemøblar og hyttegardiner i furu.
Omsrud understrekar at Hedda
hytter er avhengig av ein viss vekst for å lukkast. Bedrifta treng fleire
tilsette med teoretisk og fagleg ballast.
 |
Hyttetypen Hedvig har høgare
ytterveggar, større vindauge og langt større hemsrom enn andre
hytter Hedda produserer. |

God utsikt frå innsida av Hedvig-hytta
Bulystprosjektet
Magne Omsrud knyter
hyttesatsinga opp mot det treårige bulystprosjektet som kommunen no har
vedteke. Han ynskjer at arbeidet må kome i gang snarast råd, og det er
viktig at næringslivet engasjerer seg.
– Vi treng arbeidstakarar og
innbyggjarar med rett kompetanse. Næringslivet veit korleis det er å drifte
verksemder. Kommunen kan bidra med tilrettelegging, seier Omsrud, som viser
til at prosjektet skal vere eit spleiselag mellom Fylkesmannen, kommunen og
næringslivet. Han håper at dette skal verte eit fellesprosjekt på tvers av
alle bygdene i kommunen.

Hyttetypen Hedda – den originale klassikaren
|