Sist oppdatert: 27.07.2015 20:02

Mø og dikkan uti der

ARNE HEIMESTØL
6. juli publiserte Kåre Helland ytringa "
Sommartankar frå ordføraren" på kommunen si heimeside. Teksten er svar på Magne Ruud sin kommentar, "Sett fra utsida", som kom på Hedalen.no seks dagar tidlegare.

Ordføraren nemner verken kommentaren, forfattaren eller medium direkte, med viser til "tordenskyer i media". At han i tillegg vel å publisere på kommunen si heimeside, på ein stad der publikum elles ikkje kan svare, seier sitt.

Eg er innflyttar og har no budd i Hedalen i 28 år. Tidleg oppdaga eg motsetnader mellom bygdene. Desse har kome, og kjem framleis, til uttrykk i det politiske miljøet.

Det tydelegaste eksemplet meiner eg vi fann i vedtaket kommunestyret gjorde i september 2009. Her vart det danna fleirtal på tvers av partigruppene. Alle politikarane frå Hedalen vart haldne utanfor. Både ordførar Kåre Helland og varaordførar Svein Bakke var sentrale aktørar i dette spelet.

Dei som opp gjennom åra har prøvd å få til noko med kommunal innsats i Hedalen, har ofte møtt motstand. Utan store private gåver og sterk innsats frå einskildpersonar og lag i Hedalen hadde det neppe blitt noko av verken den første eller den andre utbygginga av Hedalsheimen.

Skal vi tru ordføraren, er Sør-Aurdal ein god stad å bu. Spørsmålet er om han dels tek æra for det andre har fått til. Eg kjenner fleire eksempel der tilsette har brukt midlar frå eiga lommebok fordi ostehøvelen har snauskrapa dei kommunale budsjetta. At tilsette utfører framifrå arbeid og skapar gull av gråstein, finst det fleire døme på. Politikarane bør likevel spørje seg om auka sjukefråvær i kommunen kan vere ein indikasjon på at strikken er tøygd langt nok no.

Når eg, trass dette har valt å bu i kommunen, skuldast det mellom anna det store engasjementet dei som bur i Hedalen viser for lokalsamfunnet og einskildmenneska. Noko slikt har eg ikkje sett i same omfang andre stader eg har budd.

Dei to siste kommunestyreperiodane har vore prega av driftstilpasningsprosessar. Pengar og menneskelege ressursar har stundom blitt brukte til meiningslause oppåver. Utgreiing av sentralskole i denne perioden er det klåraste eksemplet på det. Økonomien i eit slikt prosjekt var det rekna på i førre runde, og korleis ein kunne kome på at elevar skal bruke lengre tid på skoleskyss enn det Barneombudet tilrår, forstår eg ikkje. At vedtekne investeringsprosjekt vart sette på vent, hadde òg sine negative følgjer.

På tampen av denne perioden vedtok kommunestyret samrøystes utbygging til 120 millionar kroner i Bagn. I Senterpartiet sitt valprogram heiter det at C-blokka må erstattast snarast råd. At ein tok ein snarveg her, er eg overtydd om. Saka vart lagt fram tre dagar før kommunestyret gjorde vedtaket sitt. Å bruke ordet "erstatning" er rett og slett misvisande. Idrettshallen er til dømes nesten seks gonger større enn gymnastikksalen i Hedalen. Det er ein slåande kontrast mellom utvikling i folketalet og storleiken på byggjeprosjektet.

Utbygginga fører til auka låneopptak og mindre pengar til fond. Det vil ikkje overraske meg om driftskostnadene blir så høge at dei vil få negative følgjer for andre kommunale oppgåver. Idrettens hus på Bagn er etter mitt syn endå eit eksempel på forskjellsbehandling av innbyggarar i kommunen. "Mø må berre ha det, og dikkan ut i der får klare dykk sjøle."