Sist oppdatert: 13.01.2016 07:04

 

Legesaka

Statens helsetilsyn har vedteke å gje kommunelege Gert Halleby åtvaring i samsvar med første ledd i § 56 i helsepersonellova. Tilsynet har kome til at lækjaren har brote kravet til forsvarleg om omsorgsfull hjelp i § 4. Han har dessutan brote kravet til journalføring i § 40 i den same lova. Halleby har anka avgjerda inn for Statens helsepersonalnemnd.

 

Etter vedtak i kontrollutvalet og kommunestyret i Sør-Aurdal vart det i 2015 gjennomført ei brukarundersøking av legetenesta i kommunen. Berre 1/3 av innbyggjarane over 18 år deltok. Heile 86,3 % av respondentane svara at dei vil anbefale legen sin til andre. Det kom likevel fram kritikk. Nær 30 % svara at ventetida for å komme inn til lege er for lang. Det er dessutan ønskje om å få ein lege til i kommunen – helst ei kvinne, og fleire peikar på unødvendige innkallingar til time.

 

17.12.2015 vedtok kommunestyret samrøystes å gjennomføre tiltak,om  slik dei er skisserte i rapporten etter brukarundersøkinga. I motsetnad til behandling av ei liknande sak i 2014, var det svært få kommunestyrerepresentantar som tok ordet då saka vart behandla.

 

Det er liten tvil om at Halleby har mange fornøgde pasientar. Fleire ytrar seg positivt om legen på forumet vårt. Andre bruker Legelisten.no. Nokre er kritiske.


Det trengst meir enn brukarundersøkingar når ein skal finne ut korleis ein lege arbeider i høve til lovverk, forskrifter og etiske reglar. I Noreg har vi tilsyn som har fått slike oppgåver. Det kan neppe kallast personforfølging når samfunnet kjem med reaksjonar på uakseptabel åtferd. Det hjelper ikkje at nokre har gode erfaringar med legen sin når andre har opplevd – og fått støtte på – at han har svikta.

 

Dei fleste klagene ser ut til å kome frå samarbeidspartar i fagmiljøet – både i og utanfor kommunen. Nokre av desse står bak klagemål og bekymringsmeldingar som er sende til Fylkeslegen, og denne etaten har altså funne grunn til å be Statens helsetilsyn vurdere klagene.

 

Helsetilsynet har gjeve oss innsyn i mykje av det som gjeld desse sakene. Tilsynet er mellom anna kritisk til journalføringspraksisen kommunelegen har. Fylkeslegen har gripe inn på dette området tidlegare, men Halleby ser ikkje ut til å ville endre praksis.


Journalar og henvisningar er viktige dokument for pasientar. Det er etter vårt syn alvorleg dersom desse ikkje er forståelege eller ikkje inneheld dei opplysningane dei skal. Pasientar har fleire rettar. Ein har mellom anna rett til innsyn i eigne journalar, og ein har rett til å byte fastlege.

 

Kontrollutvalet i Sør-Aurdal kommune har uttrykt bekymring for legetenesta i kommunen og viser til forvaltningsrevisjonsrapporten, brukarundersøkinga og klager til Fylkesmannen. Dei oppmodar rådmannen å vidareutvikle legetenesta.


Det er reist viktige spørsmål knytt til saker i både kommunehelsetenesta, legevakt og privat praksis, men det er begrensa kva rådmannen sjølv kan få til. Vi meiner rådmannen bør invitere Fylkeslegen til å gjennomføre tilsyn med legetenesta i Sør-Aurdal. Det vil både pasientar og samarbeidspartar, men også legane som arbeider i kommunen, ha nytte og interesse av.