Sist oppdatert: 17.04.2017 13:01

Skuldar ordføraren for å feilinformere

 

ARNE HEIMESTØL

Torsdag 20. april kjem rådmannssaka opp i både kontrollutvalet og kommunestyret. Rydland og Helland teiknar eit nokså ulikt bilde av det som har hendt.

  • Her kan du lese saksframstillinga ordførar Kåre Helland la fram i kommunestyret 9. mars. Det var i dette møtet kommunestyret samrøystes vedtok å gje Rydland sparken. Saksframstillinga vart, etter ynskje frå Håkon Rydland, offentleggjort, men då med to sladda setningar.

  • Kommunal Rapport klaga sladdinga inn for Fylkesmannen – og fekk medhald. Her kan du lese brevet Fylkesmannen sende til Sør-Aurdal kommune, og setningane som var strokne.

Kva for kommentar har så Rydland til ytringane som først vart sladda? Her er svaret hans på det:

Sør-Aurdalshallen
Det er ordførar sine ytringar som står i saksdokumentet, ikkje mine. Eg har aldri kritisert min eigen administrasjon, men eg har vore kritisk til måten fleire politikarar, forretningsforbindelsar og andre i kommunen, på ein svært utidig måte, har prøvd å påverka den faglege prosessen som administrasjonen har ansvaret for.

Etter mi meining har dette ført til at prosjektet har vorte større og dyrare enn det kommunen har råd til, og det inneheld no fleire og større fasilitetar enn det kommunen har trong for. Særleg når det må prioriterast strengt mellom ulike tenester som kommunen har plikt til å gje innbyggjarane sine.

Før eg tok til stillinga, vart det det lagt altfor mykje vekt på kor mykje kommunen «kunne ta opp i lån» og kor mykje kommunen «kunne få i tilskot», og ikkje kor lite ein kunne klara seg med. Dette tok eg opp i kommunestyret både 22. september og 27. oktober.  

 

Ringerike-saka 

Det er heilt meiningslaust av ordførar å leggja fram slike skuldingar som her kjem fram, og då er det kanskje ikkje so rart at han fann det naudsynt å sladda kva sak skuldinga eigentleg gjaldt. Det er blank løgn at eg skal ha sagt at «ingen ting fungerte i Ringerike-saka». Dette var ei svært krevjande sak, kor eg fann det naudsynt å engasjere meg både i saksutgreiinga, og i framlegg til vedtak. Dette også etter ynskje frå dei to tenesteleiarane som var ansvarlege for saka. Den 15. september skreiv eg følgjande e-post til dei to nemnde tenesteleiarane:

 

«Jeg gjør noen endringer i forslag til vedtak, men ellers er det gjort en fenomenal jobb!».

 

Saka vart einstemmig vedteken i tråd med rådmannens framlegg. Etter møtet fekk eg følgjande melding frå den eine tenesteleiaren:

 

«Tusen takk for et feiende flott innlegg i dag! 

Ønsker deg en god kveld😊»

  Driftstilpasning
I saksframlegget ordførar Helland hadde skrive til kommunestyremøtet 9. mars, får du i det første kulepunktet kritikk for manglande initiativ i driftstilpasningsprosessen. Korleis ser du på denne kritikken?

Omgrepet «driftstilpasning» dukka først opp i budsjettvedtaket i kommunestyret 6. desember 2016, kor det samstundes vart gjort vedtak om Sør-Aurdalshallen. Eg noterte meg ei presisering i vedtaket om «vidareføring av driftstilpasninga frå 2014», men det vart ikkje referert til noko konkret dokument, prosess eller tidligare politiske vedtak.

Då eg i samarbeid med arkivleiar etter kvart fekk samla ein del dokument frå 2013 og 2014, var det ingenting der som var naturleg å berre «vidareføra» 3-4 år seinare.

Eg fann det difor naudsynt å gjennomføra ein ryddig og open prosess som både tok utgangspunkt i det arbeidet som var gjort tidlegare, men som samstundes tok omsyn til dei endringar som hadde skjedd i tenestene i mellomtida. Prosessen skulle gjennomførast saman med ei arbeidsgruppe kor dei tilsette og deira tillitsvalde var representerte.

I den samanheng fekk eg sterkt kritikk frå ordførar for at eg tok bedriftshelsetenesta med i gruppa, og han var heller ikkje nøgd med at dei tilsette skulle ha noko å seia i prosessen. Det var tydeleg at han ikkje ynskte ei fagleg vurdering frå administrasjonen, men berre størst mogleg kutt for å dekkja opp framtidige underskot.

Eg la likevel fram ei eiga sak til formannskapet 7. februar 2017, som inkluderte ein detaljert prosessplan fram mot budsjettvedtak i desember, og som inkluderte ein gjennomgang av dei fleste tenesteområdene – bortsett frå skule og barnehage. Faktum er at rådmannens innstilling blei einstemmig vedteken av formannskapet. Det kan også leggjast til at både leiargruppa, andre tilsette og deira tillitsvalde, sa seg svært nøgde med den måten saka blei handtert på av rådmannen.

Like før eg mottok førehandsvarsel om oppseiing, vart eg konfrontert av ordførar med «rykte om at eg var i mot Sør-Aurdalshallen». Eg vart svært forundra over dette, og fekk ikkje svar på spørsmålet mitt om det var «rykte på bygda» som skulle evaluera arbeidet til rådmannen.

Eg viste då til at eg hadde, som mi klare plikt som rådmann, reist ei rekkje kritiske spørsmål til kommunestyret i september og oktober omkring Sør-Aurdalshallen og kostnadane, noko som etterkvart viste seg å vera svært so relevant. Var dette noko eg skulle straffast for i ettertid, ved å verta oppsagd?