Sist oppdatert: 18.01.2018 06:57

– To ordførarar kan bli sentrale i Kommunerevisjon IKS

 

TEKST: ARNE HEIMESTØL
BILDE: ARNE G. PERLESTENBAKKEN


Dette melder Hallingdølen onsdag 17. januar. Ål-ordførar Solveig Vestenfor er innstilt som som ny leiar for representantskapet, og Eivind Brenna frå Vestre Slidre kan få nestleiaroppgåva.
 


Frå representantskapsmøtet på Gol i 21. november

 

Avisa har vore i kontakt med Reidar Schlytter, som no er leiar i representantskapet. Han er ikkje spurd om han vil halde fram med oppgåva han no har.

 


Noverande leiar i representantskapet i Kommunerevisjon IKS, Reidar Schlytter
 

Finn Hesselberg frå Vestre Slidre kan bli ny styreleiar etter Frants Mietle – som trekte seg i november 2017. Fordi nestleiar Ottar Martinsen også trekte seg måndag, er Ingrid Skår frå Ål innstilt til å ta over dette styrevervet.
 

– Med ein styreleiar frå Valdres, må leiar i representantskapet kome frå Hallingdal, om likevekt-prinsippet skal gjelde. Ergo må Schlytter slutte, skriv Hallingdølen.


Avgjerd i desse spørsmåla vert teken i representantskapsmøte i Kommunerevisjon IKS på Fagernes 31. januar.

 

Sjå desse oppslaga: